Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Forslag til kommuneplanen sin arealdel 2017 - 2029. Utlegging til 2. gongs høyring og offenteleg ettersyn.

Kommunevåpen liten - Klikk for stort bilete

Med heimel i plan- og bygningslova §11-14 vedtok Planutvalet (formannskapet) i Selje kommune i møte 25.01.17 å legge forslag til kommuneplanen sin  arealdel for 2017-2029 ut til 2. gangs høyring og  offentleg ettersyn.

Arealplan 16-28 - Klikk for stort bilete


Eventuelle merknader kan sendast til Selje kommune, 6740 Selje eller på epost til post@selje.kommune.no, innan  31. mars 2017.

Kommuneplanen sin arealdel er den overordna planen for arealdisponering i Selje kommune. Gjennom arealdelen legg Selje kommune føringar for kva tiltak den enkelte kan gjere innanfor ulike område i kommunen, med klare rammer for arealbruk på land og strand- sjøområde i Selje kommune. Dette inneber eit langsiktig perspektiv, der det vert sett av nok arealreservar til å sikre den ynskte samfunns-utviklinga samtidig som det gir private aktørar høve til å planlegge på lang sikt. Kommuneplanen sin arealdel er bygd opp av planomtale, konsekvensutgreiing, plankart og føresegner.

Planforslaget vart handsama første gong 22.6.2016 og lagt ut til høyring og offenteleg ettersyn i 6 veker med høyringsfrist 26.08.2016.

Kommunen har i høyringsrunden motteke 75 skriftlege innspel. Fleire av innspela, særleg frå fylkesmannen og andre offentlege etater tek opp mange tema i sitt innspel.

Innspela er samordna i vedlegg «Samandrag og vurdering av innspel til kommuneplan – arealdel». Vedlegget gjev ei oversikt over kven som har kome med innspel, kva innspelet gjeld, kva eigedom innspelet gjeld for og kva som er kommunen si vurdering av innspelet. Dokumentet må sjåast i samanheng med konsekvensutgreiing (KU) og  vedtak i planutvalet.

Nordplan AS har gjennomført KU – tilleggsutgreiing og ROS analyse på endringane og nye areal og justert førsegnene.

Dokumentoversikt høyring:

Møtebok og vedtak i planutvalet 25.01.2017.  (PDF, 641 kB)                      

Vedlegg 1:    Samandrag og vurdering av innspel til kommuneplan – arealdel. (PDF, 3 MB)

Vedlegg 2:    KU- tilleggsutgreiing inkl. risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) Datert 6.1.2017, rev.13.02.2017. (PDF, 5 MB)

Vedlegg 3:    Føresegner til arealdelen. (PDF, 210 kB)

Vedlegg 4:   Oppaterte Plankart.


                    

For å få full forståing for endringar og tilleggsutgreiingar, vil vi tilrå at ein og ser på  første KU, datert 6.6.2016.

Ved 2. gangs høyring av dokumenta, ynskjer vi innspel på forslaget som no lagt fram – ikkje forslag til ny arealbruk.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Selje servicekontor som formidlar vidare til Plan og utvikling.Vi ber om at flest mulige spørsmål vert stilt pr. epost: Adresse : post@selje.kommune.no

_____

Dokument frå første gongs handsaming:

Møtebok frå møte i planutvalet 22.06.16 (PDF, 169 kB)

Planomtale (PDF, 580 kB)

KU - planutkast (PDF, 12 MB)

Føresegner (PDF, 185 kB)

Plankart med skredsoner:

Selje kommune 1:20 000 (PDF, 4 MB)

Selje kommune 1: 20 000 (PDF, 3 MB)

Utsnitt Flatraket 1: 5 000 (PDF, 2 MB)

Utsnitt Selje 1: 5 000 (PDF, 2 MB)

Utsnitt Leikanger 1: 5000 (PDF, 987 kB)

Publisert av Svein Barmen. Ansvarleg Reidar Sandviknes. Sist endra 30.03.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering