Forvaltningsplan for hjort 2018-2022 – Kunngjering

Hjorter.jpg - Klikk for stort bilete Forvaltningsplan for hjort 2018 – 2022 i Selje kommune vart I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt FOR-2016-01-08-12 § 3, vedteken 06.06.2018.

De kan lese plandokumenta her
 

I følgje Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 3, skal kommunen vedta målsetjingar for utviklinga av hjortebestanden på bakgrunn av opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på inn- og utmark og omfanget av trafikkpåkøyringar. Formålet med denne forvaltningsplanen er å få oversikt over hjortebestanden i Selje kommune og korleis utviklinga har vore. Planen er og eit ledd i arbeidet med utarbeiding av bestandsplanområde og bestandsplanar. Forvaltningsplanen tek opp dei viktigaste momenta kring lokal forvaltning av hjortestamma og set fokus på utfordringar, målsetjingar og tiltak for å nå desse. Planen vert styrande for den kommunale forvaltninga, og forvaltningsmåla som vert sett opp i planen blir eit viktig verkty for å setje rammene for tildelinga av fellingsløyve for vald utan bestandsplanar. Planen vert og eit rammeverkty for vald med bestandsplanar, i kraft av at det vert stilt krav om at desse skal ta omsyn til offentlege målsetjingar for å bli godkjende. 

Sist endra 25.03.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering