Fredagspraten med Anja Midttun

Anja Midttun1.jpg - Klikk for stort bilete Bli betre kjent med Anja Midttun i fredagspraten denne veka.  

Namn: Anja Midttun
Stilling: Ingeniør innanfor kart og oppmåling
Arbeidsstad: 3.etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Eg handsamar frådelingssøknadar og dispensasjonar knytt til desse. Om personar får løyve til frådeling, reiser eg ut i felt og måler opp tomta. Deretter legg eg tomt inn i kartverket og tinglyser den. Eg er òg den som har ansvaret for kart i kommunen og arbeidar med å vedlikehalde/oppdatere det. Når det kjem til frådelingssaker og byggsaker som ligg i akaktsemskart for skred- og rasfare, vurdera eg disse søknadane nøye om dei treng å ha ekstern skredsfarevurdering.  Selje kommune er ei lita kommune, som gjere at ein får arbeide meg mange ting. Arbeidsdagen er variert og det likar eg!

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelper innbyggjarane med blant anna å rette opp i feil på eigedomane deira eller å opprette nye eigedomar. Om folk treng kart og kartgrunnlag kan dei få dette hjå meg. Eg prøver òg å vere behjelpeleg med spørsmål og hjelpe til med utfylling av søknadar.

Kva er det beste med Selje kommune?
Eg er eit friluftsmenneske, så det beste med Selje kommune må vere naturen og dei landelege omgjevnadane vi har her. Her er fredeleg, roleg og ikkje behov for stress. Naturen her ute med kysten gjev òg gode mogelegheiter til eit svært variert friluftsliv med fjellklatring, surfing, ski med meir.

 

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på 578 58 500 / anja.midttun@selje.kommune.no

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 27.04.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering