Fredagspraten med Arnt Ove Lunde

Arnt Ove Lunde1.jpg - Klikk for stort bilete

Arnt Ove Lunde sitt bodskap i fredagspraten er at ein skal vere blid og positv slik at alle får ein bra dag! Les meir om kva Arnt Ove Lund arbeidar med her.

Namn: Arnt Ove Lunde
Stilling: Fagarbeidar for eigedomsavdelinga.
Arbeidsstad: Jobbar rundt om i heile kommunen. For tida jobbar eg med å pusse opp bad og diverse i ei leilegheit på Selje eldretun.

Kva består din jobb i?
Min jobb er å vedlikehalde bygg og eigedomar som kommunen eig. Det kan vere seg skifte lysrør, fikse tette vaskar og toalett, til større ting som skifte bordkledning, golv og tak og liknande. Vi har òg ansvaret med å  køyre ut og hente hjelpemiddel rundt om i kommunen.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg prøver å gjere ein så god jobb som mogeleg. Eg vil òg gjerne vere fleksibel viss det dukkar opp noko akutt. Ein siste ting som eg synes er viktig er å vere blid og positiv slik at alle får ein bra dag!

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje kommune må vere naturen og det varierande været vi har her- på godt og vondt. Elles så er her mykje å finne på! Alt frå fiske, fjellturar, surfing, fotball og mykje anna. Her er mange kjekke folk som stiller opp for at andre skal ha eit tilbod utanfor skule og jobb. Vi har plass til fleire her i kommunen, så alle er hjarteleg velkomne til å busette seg i vår kommune :)
 
Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på e-post arnt.ove.lunde@selje.kommune.no
 
God palmehelg!
 
Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 23.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering