Fredagspraten med Beate Osdal

Beate Osdal.JPG - Klikk for stort bilete Denne veka møter du Beate Osdal i fredagspraten.
Her kan du lese meir om ho.

Namn: Beate Osdal
Stilling: Kateket i kyrkja.
Arbeidsplass: Kontor i 2. etasjen på kommunehuset / i kyrkja.
 
Kva består din jobb i?
Som kateket er eg pedagogen i kyrkja og leiar for undervisning. Konkret er eg med på alt med konfirmantane, trusopplæringsarrangement som til dømes Lys Vaken, samarbeid med barnehagane som for eksempel julevandring, påskevandring, undreturar eller samlingar med ulike tema. Vi har og samarbeid med skulane om kurset «Vandring gjennom Bibelen for barn» for 5. til 7. klasse og hausttakkefestgudstenestane med 3. og 4. klasse.

Eg er med på alle gudstenester der barn er spesielt inviterte til dømes for å få 4 og 6 årsbok. Vi har og ungdomskveldar heime for alle frå 9.klasse og oppover. Sidan kvart årskull ikkje er så stort får eg mykje variasjon i arbeidet. Det set eg stor pris på! Det aller meste av arbeidet gjer eg saman med kyrkjelydspedagog Eline Sandnes, organist Jon Inge Sigerland og prest Eli-Johanne Rønnekleiv.
 
Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg er med å gi eit fritidstilbod til barn og unge i kommunen vår der dei ikkje treng å prestere, men berre vere. Vi ønskjer å vere med å gje livsmeistring og håp. Vi deler ut bøker og materiell som vi håpar skal skape tryggleik og tru i heimane. Vi er ein ressurs inn i skulane og barnehagane på tema som vi har særskilt kompetanse på.
 
Kva er det beste med Selje kommune?
Her er mange kjekke folk, nydeleg fin natur både på fjellet, i fjøra og sist men ikkje minst snille, gode naboar som stiller opp om det er noko.

Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt på 456 32 322 eller per e-post beate.folkestad.osdal@selje.kommune.no
 

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 13.04.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering