Fredagspraten med Bente Berstad

Bente Berstad.JPG - Klikk for stort bilete Bente Kvernevik Berstad stiller til fredagspraten denne veka. Ho oppfordra alle til å ta ei strekning og plukke plastsøppel langs den fine kysten vår! Les meir om Bente her.

Namn: Bente Kvernevik Berstad
Stilling: Konsulent for oppvekstsektoren/arkivar
Arbeidsstad: Servicekotoret i 3.etasje på Kommunehuset.

Kva består din jobb i:
Som konsulent innan arkivet arbeidar eg med mykje forskjellig. Eg har alt frå arkivleiar-funksjonar til kontroll over nyare arkiv, samt rydding av eldre arkiv i Selje kommune. Eg er systemansvarlig i det elektroniske arkivsystemet og har oversikt over alle fagsystem i heile kommuna - dette i både open og sikker sone. Eg arbeidar òg med arkivplan i Selje kommune og er med på prosjekter fram mot kommunesamanslåing i 2020.

Samtidig med å arbeide med arkivet er eg konsulent innan oppvekstsektoren. Her har eg ansvaret for å kontrollere søknadar, rapportering av kontantstøtte, skuleskyss og bestilling av skulemateriell for å nemne noko av det.
Det hender at eg òg server sentralbordet frå tid til anna, samt rettleier folk som kjem til kommunehuset.

Korleis hjelper du innbyggjarane:
I min jobb hjelper eg innbyggjarane og tilsette i kommunen med å bistå i arkivsaker. Eg hjelper òg til med å svare på spørsmål rundt blant anna skulesaker, barnehagesøknader og SFO. Eg prøvar å vere imøtekommande og hjelpsom mot alle som kjem innom kommunehuset.

Kva er det beste med Selje kommune:
Her er utruleg mange positive, flotte folk – både vaksne og born og dugnadsånda gjer sitt til at det er veldig triveleg å bu i Selje. Det er mange som gjer ein stor innsats for felleskapet! Her er vakker natur med flotte fjelltoppar som eg er glad å gå på, varierande vêr og nydeleg utsikt mot havet. Onsdag denne veka kunne eg frå stoveglaset følgje med fem spekkhoggarar som boltra seg i sjøen ved Seljeøyna. Vakkert! Eg er også glad for at ein kan finne mange idylliske stader i kommuna som gjev glede og ro i sjela.

Til slutt vil eg kome med ei oppfordring som eg brenner for: plastforsøpling langs kysten må ryddast og supert om alle vil vere med for å ta ei strekning :)

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på 97 99 04 23 eller per epost: bente.kvernevik.berstad@selje.kommune.no

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 20.04.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering