Fredagspraten med Eli Eide Årevik

Eli Eide Årevik1.jpg - Klikk for stort bilete Denne fredagen vert du betre kjent med Eli Eide Årevik i fredagspraten!

Namn: Eli Eide Årevik
Stilling: Biblioteksjef og medarbeidar for turistinformasjon og servicekontor
Arbeidsstad: Selje folkeboksamling sitt hovudbibliotek og 3.etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Som biblioteksjef har eg ansvaret for drift av bibliotektenesta i kommunen. Vi har hovudbibliotek i Selje og to filialar på Stadlandet og Flatraket. Filialane er òg kombinasjonsbibliotek med skulebiblioteka der. Eg bestiller, registrerar, ryddar og oppdaterer boksamlinga vår. Eg elskar bøker, så dette er draumejobben min! 😊 Vi får inn nye bøker og andre media titt og ofte, då skal disse finne sin plass i hyllene våre - Ein god regel i samlingsutviklinga er ei ny bok inn og ei gamal ut. Det er ikkje så lett å kassere bøker, så i Selje har vi ein liten bokhandel for kasserte bøker. Saman med flyktningstenesta arrangerer vi språkkafè ca. ein gong i månaden og har innimellom forfattarbesøk og diverse i samarbeid med Nordfjordbiblioteka.
I jobben min på servicekontoret sit eg for det meste på sentralbordet, der eg hjelper folk som kjem innom kommunehuset, på e-post og telefon. I turistsesongen rettleiar eg og informera turistar om alt det kjekke ein kan finne på i vår flotte kommune. I tillegg har eg ansvaret for drift av sanitæranlegget i Selje sentrum og innkrevjing av hamneavgift. Eg er også kontaktperson og sakshandsamar når nokon skal søkje om serverings- og skjenkeløyve.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelper bibliotekbrukarar og lesehestar – små, store, unge og gamle, med å finne dei rette bøkene som vil gje oss gode leseopplevingar 😊 Eg tek i mot barnehagar, skuleklassar og hjelper elevar og lærarar med å finne gode bøker til leseprosjekt, og til å ha i samlings- og klasserom. Om nokon treng lærebøker til vidareutdanning hjelper eg òg med informasjon og fjernlån av dette. Som sakshandsamar for serverings- og skjenkeløyver hjelper eg til med søknadsprosessen, legg fram sakene og sender ut vedtak etter at kommunestyret har sagt sitt. Det er og meg du kontaktar om du vil ta kunnskapsprøve i alkohollova og etablerarprøve i serveringslova.

Kva er det beste med Selje kommune?
Selje kommune er ein av dei finaste plassane på jord, med kort veg til fjell og fjøre i ein unik natur 😊 Her har vi alt vi treng for å leve det gode liv. Vi har fullt opp av fritids- og kulturaktivitetar der bygdene utfyller kvarandre. Vi har kort veg til Eid, Måløy, til og med Bergen og Ålesund, om det er spesielle ting og opplevingar vi ønskjer. Det vi manglar er god offentleg kommunikasjon ut i bygdene våre og ut i regionen rundt oss.

Ta gjerne kontakt på
biblioteket@selje.kommune.no eller eli.eide.aarevik@selje.kommune.no
tlf. 57856700 / 40446011. 

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 16.11.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering