Fredagspraten med Eli Refvik

Eli Refvik1.jpg - Klikk for stort bilete Bli kjent med sprudlande Eli Refvik i fredagspraten denne veka! 

Namn: Eli Refvik
Stilling: Reinhaldsleiar
Arbeidsstad: Kontorplass i 3. etasje på kommunehuset, men må vel innrømme at eg lika meg best ute i reinhaldsoppdrag! :)

Kva består jobben din i?
Min jobb består i å planlegge og organisere reinhald på kommunale bygg, NAV og ein del private hus som har leigd inn kommunal reinhaldsteneste. Som reinhaldsleiar har eg òg ansvar for å gje mine medarbeidarar informasjon og opplæring innan hygiene og smittebeskyttelse og passe på at brukerane av reinhaldsteneste skal få eit best mogleg inne miljø. Ein vanleg arbeidsdag for meg er å jobbe saman med dei kjekke kollegaene mine og bestille inn diverse reinhaldsutstyr til alle kommunale bygg. Eg er òg kontaktpersonen mellom brukarane og tenestene vi yter, og for dei som skal utføre dei.  Godt utstyr er viktig for oss og eg lika godt å fikse maskiner og utstyr som reinhalderane brukar. Akkurat no er eg i gang med å digitalisere kvitteringsarkene våre, så frå hausten reknar eg med at vi brukar app/nettbrett for å dokumentere jobbane som er utført, det blir kjekt å få i gang!

Korleis hjelpe du innbyggjarane?
Eg vil gjerne at alle som bur i Selje kommune skal ha best mogeleg helse og det kan vi vere med å påverke med godt og riktig reinhald! Eg jobbar i eit team med kjekke damer som kosar oss på jobb, så håpar at vi også spreie litt godt humør rundt oss :)

Kva er det beste med Selje kommune?
Etter at eg byrja å køyre rundt i heimane rundt om i alle bygdene i kommunen, blir eg meir og meir imponert over kort fint og spesielt det er her. Her bur så mange flotte, sterke menneske som ikkje lar seg skremme av storm og uvær. Arbeidsmiljøet i kommunen internt er òg veldig bra! Eg treffer mange hyggelege folk kvar dag og vil spesielt trekke fram ungdommane i kommunen som er så kjekke og i godt humør.

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på 570 58 500 / eli.refvik@selje.kommune.no

God helg!

Sist endra 01.06.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering