Fredagspraten med Elsa Lundebrekke

Elsa Lundebrekke1.jpg - Klikk for stort bilete I fredagspraten denne veka blir du betre kjent med Elsa Lundebrekke!

Namn: Elsa Lundebrekke
Stilling: Konsulent ved økonomiavdelinga
Arbeidsplass: 3. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Mi stilling som konsulent på økonomiavdelinga er mest knytt opp til helse- og omsorg sektoren. Jobben min består i hovudsak av lønsarbeid og utlønning av tilsette i heimetenesta, på seljetunet mfl.  Ved sidan av lønnsarbeidet fakturerer eg for tenester i helse- og omsorg som for eksempel heimehjelp, kost og husleige ved eldretun/tryggleiksavdeling/omsorgsbustad. Eg er òg systemansvarleg for programmet RS som er turnusprogrammet som helse- og omsorg brukar.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg har ikkje direkte kontakt opp mot innbyggjarane i kommunen, men prøvar å sørge for at dei som jobbar i kommunal sektor får utbetalt lønningane sine til rett tid. Eg er tilgjengeleg til å svare på spørsmål ang. lønningar og diverse som tilsette skulle lure på, og elles spørsmål ang. fakturar for heimetenester.

Kva er det beste med Selje kommune?
Selje kommune er ein flott kommune å bu i, med mykje trivelege folk og flott natur! Her er høve til å drive mange typar friluftsaktivitetar. For meg som er glad i å gå på fjellet og vere i naturen er Selje ein fin plass å vere, spesielt når vi får like fint vêr som i dag :)

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på elsa.lundebrekke@selje.kommune.no / 578 58 500

Riktig god helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 11.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering