Fredagspraten med Erling Åbø

Erling Åbø1.jpg - Klikk for stort bilete Bli kjent med Erling Åbø i fredagspraten denne veka. Han har mange oppgåver på sin timeplan og syns at dagane går fort saman med kjekke kollegaer!

Namn: Erling Johan Åbø
Stilling: Fagarbeider ved kommunalteknisk eining
Arbeidsstad: Uteavdelingen, så rundt om i kommunen

Kva består din jobb i?
Min jobb består av å drifte og halde vedlike alle kommunale vegar (som per i dag er ca. 63 km). Dette inneber mellom anna at stikkrenner, kummer, rister, opne grøfter, skilting, asfalt og gatelysa er i orden, for å nemne noko av det 😊 No når det nærmar seg vinterstid skal det òg settast ut brøytestikker, brøytast og strøast.

Kommunalteknisk avdeling driftar og vedlikeheld vassverket i Selje og på Fløde, der har vi dagleg ettersyn og vedlikehald, samt at vi reiser rundt i bygdene og tek vassprøver med jamne mellomrom. Dette sikrar at innbyggjarane har godt vatn til ei kvar tid. Vi har òg ansvaret for drift av vatn og avløpssystemet i kommunen, vassledninger mm. Kvar veke utfører vi vedlikehald på seks kloakkpumpestasjonar og det er ein skikkelig DRITTJOBB til tider!

Vi har masse utstyr (traktor, gravemaskin mm.), eit lager på gjenbrukstasjonen og anna som må haldast i orden. Vi har òg tilsyn med kaier, moloar og kommunale bossdunker, benkar osv.

Ja, det er forresten vi som driftar gjenbruksstasjonen og! Der er opent tysdag (15.30 – 20.00) og torsdag (12.00 – 15.30), velkommen innom! 😊

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelper innbyggjarane med mykje som mange sikkert ikkje tenke så mykje over 😊 Alt frå å opne tette grøfter i vegane, til å stoppe vasslekasjer, fikse manglande veglys, sørgjer for reint vatn i springen og lappar hol i vegane. Eg jobbar òg med nokre prosjekt som vil komme innbyggjarane til gode i tida som kjem.. 😁

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje kommune for meg er sjøen og havet, samt at vi har fjella like ved! Det er ein utruleg flott natur 😍 Eg kunne ramsa opp mykje meir, men eg har ikkje tid og må ut å arbeide om eg skal rekke over alt!

Om du lurer på noko, er det berre å ringe så skal eg/vi prøve og hjelpe deg best mogeleg 😉 erling.abo@selje.kommune.no / 986 38 567

Ha ei fin helg alle saman!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 20.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering