Fredagspraten med fastlege Therese Vatndal

Therese Vatndal1.jpg - Klikk for stort bilete Bli kjent med vår nye fastlege Therese Vatndal i fredagspraten. Ho er forresten på leit etter ein plass å bu, så om nokon leige ut leilegheit/hus, ta kontakt med servicekontoret!

Namn: Therese Vatndal
Stilling: Fastlege
Arbeidsstad: Selje legekontor

Litt om meg:
Eg kjem frå Sandnes og er glad for å ha fått meg jobb på Vestlandet! 😊 Eg har eit år med folkehøgskule ved Nordhordaland fhs, der eg tok ei linje for reising og ekstremssport som er to av mine interesser. Etter året på folkehøgskule, byrja eg på medisinstudie i Riga, Latvia. Dette var seks flotte år i eit anna land, som gav meg innblikk i ganske så forskjellige kulturar. Eg har òg vore på hospitering ved privatsjukehus i industribyen Hosur, India. Hospiteringa gav meg masse nyttig og praktisk erfaring og ein ny «appreciation» frå Norges Helsevesen. Eg er veldig glad i naturen, både dyre- og friluftsliv, i tillegg til å ha ei stor eventyr- og reiselyst 😃

Kva består din jobb i?
Min jobb er å hjelpe folk etter beste evne. Dette kan vere alt frå å stille diagnose, planlegge behandling for kvar pasient eller gje pasientar råd om behandling og opplysninger om bruk og dosering av medisin, risiko osv. Det er òg viktig at eg held meg oppdatert i forhold til medisinsk og teknologisk utvikling.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelper innbyggjarane med å førebygge og behandle pasientar. Livet byr på stadige nye problemstillingar, noko eg som lege får ta del i og følgje over tid. For meg er det viktig å lytte til det pasientane har på hjarte og deretter prøve så godt eg kan å hjelpe dei om noko ikkje er greitt.

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje kommune er dei flotte omgjevnadane som vi har her og den varme velkomsten eg fekk når eg byrja i jobben! Eg er veldig fersk innbyggjar i kommunen, så har enno mykje igjen å oppleve 😊 Foreløpig er eg på leit etter ein plass å bu, så om du leige ut leilegheit eller kjenner nokon som gjere det, ta gjerne kontakt med meg! 😊

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på 578 56 106 (Legekontoret)

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 12.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering