Fredagspraten med Finnur Kristinsson

Finnur Kristinsson.JPG - Klikk for stort bilete
Bli betre kjent med Finnur Kristinsson i fredagspraten denne veka!



 

Namn: Finnur Smári Kristinsson
Jobb: Fagansvarleg for kommunalteknikk
Arbeidsplass: Eg har kontor i 3.etasje på kommunehuset

 

Kva består din jobb i?
Hovudansvarsområdet mitt er vassforsyning, kloakkanlegg og kommunale veger. Teknisk avdeling har òg ansvaret for kommunale maskiner, lager, parkar, hamner, veglys og drift av gjenbruksstasjonen.
Det viktigaste i jobben min er å sørgje for at innbyggarane har reint og godt vann. Det nest viktigaste er å sørgje for at avløpssystemet er bra.
Som ein klok mann sa: «Nummer 1. er vatn inn! Og nummer 2. er vatn ut!» 

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg har kontakt med innbyggarane- og entreprenørar og prøvar så godt eg kan å vere lett tilgjengeleg for innbyggarane som har spørsmål. Eg sit òg med det administrative ansvaret for kommunalteknisk avdeling med for eksempel budsjett, utarbeide planar, rapportering og møter. I løpet av arbeidsdagen får eg ein del førespurnadar med tips om feil på veglys, glatte vegar eller liknande. Det set eg stor pris på, då ikkje alt er like lett å fange opp ute i distrikta – om noko ikkje fungera prøva vi å ordne opp.

Kva er det beste med Selje kommune?
Selje har ein særdeles vakker natur! Her er mange moglegheiter for fjellturar, fiske og flotte badestrender. Eg har ikkje arbeida her så lenge, så ser fram til å sjå og oppleve meir av det Selje har å tilby! Eg synast òg at arbeidsmiljøet i Selje kommune er veldig godt, med vi har mange flinke tilsette som prøvar å gjere det beste for innbyggjarane.

Om du leggje merke til for eksempel veglys som ikkje fungera, eller anna som vi på kommunalteknikk kan hjelpe med, ta kontakt med meg på:
finnur.kristinsson@selje.kommune.no / 578 58 500

God helg!

 

Sist endra 23.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering