Fredagspraten med Geir-Ove Liseth

Geir-Ove1.jpg - Klikk for stort bilete Denne veka møter du Geir-Ove i fredagspraten. Les meir om han sin jobb her.

 

Namn: Geir-Ove Liseth
Stilling: Fagansvarleg Eigedom
Arbeidsstad: 3. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Den daglege drifta av eigedomsavdelinga og oppgåvene som høyre til under der, er det arbeidsdagen min stort sett går i. Innanfor her ligg oppgåve som blant anna vedlikehald av kommunale bygg og grøntareal, bestilling av varer og utstyr, overvake dei tekniske anlegga, oppfølging av byggjeprosjekt og fordele arbeidsoppgåve til våre dyktige fagarbeidarar i avdeling. Det er òg vi i eigedomsavdelinga som leverar, vedlikeheld og reparera hjelpemiddel, og det vil vi gjerne få gjort innanfor rimeleg tid for brukarane. I jobben min reise eg ein del rundt i bygdene og det er så kjekt å besøk frå dei minste i barnehagane og opptil dei som har lengst fartstid av oss alle. Det er veldig gjevande og noko som eg sette stor pris på i jobben min!

Ein anna del av arbeidet mitt består av å vere med på gjennomføre investeringsprosjekt, der vi planlegger, utarbeidar teikningar og anbodskonkurransar. Jobben min kan derfor vere så mangt og det er ofte veldig varierande og spennande oppgåve som eg har! Eg gjere (stort sett) det eg får beskjed om frå min kommunalsjef 

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Det eg hjelper innbyggjarane med er å medverke at brukarane av kommunale bygg har tilgang til elementøre ting som for eksempel vatn, straum og ventilasjon. Eg er òg delaktiv i beredskap som brannkonstabel og brøytesjåfør på vinterstid. Det er ikkje sikkert at så mange merkar at eg hjelpe innbyggjarane direkte, men når straumen først forsvinn, eller om det skulle bli bråtebrann så er eg tilstade for å hjelpe til med å ordne opp 

Kva er det beste med Selje kommune?
Eg er veldig glad i Selje kommune! Eg føle meg så privilegert som får moglegheit til å vekse opp og busette meg her. Her er så mange flotte menneske og dei som ynskjer å boltre seg i spennande og storslått natur kan det. I LOVE IT!  Eg vil òg legge til at eg er imponert over alle dei som arbeida i Selje kommune og som kvar dag står på til det beste for dei fleste. Det er mange som har fått meir å stå i med, no som Stad 2020 nærma seg. 

 Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt på geir-ove.liseth@selje.kommune.no / 578 58 500

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 15.06.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering