Fredagspraten med Geir Petter Hatlenes

Geir Petter - Klikk for stort bilete Fredagspraten denne veka får du med Geir Petter Hatlenes. Han vil gjerne bruke sin fredagspraten sin til å tipse alle om lese litt brannvett på denne linken https://www.sikkerhverdag.no/brann/ Meir om Geir Petter sitt arbeid kan du lese her.

Namn: Geir Petter Hatlenes
Stilling: Brannsjef / Eigedoms avd.
Arbeidsstad: kontor i 3. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i ?
Stillinga mi som brannsjef er todelt, der mine hovudansvarsområde er å vere leiar for beredskap og leiar for førebyggjande brannvern. Eg jobbar òg to dagar i veka på eigedomsavdelinga, der eg har mange variert arbeidsoppgåve som for det meste består av vedlikehald av kommunale eigedomar.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelpe innbyggjarane med å førebyggje brann som til dømes å passe på å at det blir utført feiing og tilsyn i husstandar i kommunen. Eg passar òg på at vi har tilgjengelege ressursar om det skulle oppstå brann eller ulykker, samt gjennomføre øvingar for å ivareta innbyggjarane sin sikkerheit mot brann og ulykker. Lite tips til dokke som les fredagspraten denne veka, er å sjekke ut denne nettsida sikkerhverdag.no for korleis du kan gjere heimen tryggare eller tips om brannvern og eks. bålbrenning. Veldig mykje nyttig der 


Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje kommune må vere at vi har eit hav av moglegheiter! Eg har mange kjekke kollegaer og flinke brannmenn som gjere ein god innsats når ulykker først oppstår. Og som alle andre så man berre nemne at vi har jo så mykje flott natur, som er eit megapluss for oss som bur her!

 

Kan eg hjelpe deg med noko?
ta kontakt på 906 19 975 / geir.petter.hatlenes@selje.kommune.no

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 31.08.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering