Fredagspraten med Gry Otneim Leikanger

I denne vekas fredagsprat vert du betre kjend med Gry Otneim Leikanger og hennar jobbkvardag.  

IMG_1418.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 02.11.2018

Namn: Gry Otneim Leikanger

Stilling: Saksbehandlar, Plan og utvikling

Arbeidsstad: Selje kommunehus

 

Kva består din jobb i?
Som saksbehandlar på Plan og utviklingsavdelinga har eg veldig varierte arbeidsoppgåver. Eg arbeider med m.a byggesak, utsleppsløyver og planlegging.
I tillegg er eg kommunen sin viltforvaltar og tildeler m.a fellingsløyver for hjort og skadefellingsløyver.
Denne veka starta vi opp arbeidet med Plan for kulturarven i Selje kommune. Vi har hatt folkemøte på Leikanger, Ervik, Årsheim og Hoddevik. Det er spennande å høyre om kva kulturminne som finst! Minner om folkemøte i Selje og på Flatraket 8. november 🙂

 

Korleis hjelper du innbyggjarane?

Eg har mykje kontakt med innbyggjarane i saker som vedkjem mine fagområde. Eg hjelp til med blant anna byggsøknader og spørsmål og problemstillingar rundt dette slik at prosessane vert enklare for deg som innbyggjar. Eg har forståring for at det kan vere vanskeleg å orientere seg i jungelen av skjema, så eg prøvar også difor å være tilgjengeleg for rettleiing undervegs i utfyllingsarbeidet. E-post er eit glimrande hjelpemiddel 🙂

Kva er det beste med Selje kommune?

Selje kommune har mange gode kvalitetar. Vi bur i flotte omgjevnadar og det er eit trygt og godt lokalsamfunn å vekse opp i. Sjølv om bygdene er små, er det mykje å finne på – eg håpar og trur at mange vil sjå verdien av å bu her framtida🙂

 

Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt på gry.otneim.leikanger@selje.kommune.no eller telefon 97990422.

 

God helg!

 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering