Fredagspraten med Hildegunn Ervik

Hildegunn Ervik1.jpg - Klikk for stort bilete Hildegunn Ervik frå økonomiavdelinga er fredagspraten. I desse dagar gledar ho seg til å betale ut gode skatt til innbyggjarar!  

Namn: Hildegunn Sætre Ervik
Stilling: Skatteoppkrevjar
Arbeidsstad: 3. etasje på kommunehuset

 

Kva består din jobb i?
Min jobb er i hovudsak å krevje inn skatter og avgifter. Dette gjeld både frå privatpersonar og verksemder i Selje kommune. Frå private krev eg inn restskatt og forskotskatt og frå verksemder krev eg inn forskotstrekk/arbeidsgjevaravgift på tilsette, samt skatt på verksemda. Innkrevjinga kan vere utlegg i lønn eller utlegg i formuesgode som hus eller bil, dersom det ikkje nyttar med berre varsel. Eg skal òg ha kontrollar i verksemdene, der eg kontrollere at dei innrapporterer løn/skattetrekk slik dei skal. Heldigvis har eg også den hyggelege biten! Å betale ut til gode skatt til innbyggarane som skjer i desse dagar 😃 I tillegg, har eg òg litt andre oppgåver i økonomiavdelinga som innkrevjing av kommunale krav.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg rettleiar verksemder i korleis dei skal innrapportere løn og skattetrekk i forhold til gjeldande regelverk. Om nokon har fått restskatt som dei ikkje klarer å betale med det same, kan eg rettleie dei slik at vi til dømes kan søkje om betalingsordning. No i juni er det mange som tek kontakt fordi dei får pengar tilbake på skatten og vil til dømes endre kontonummer og så lure dei veldig på kva tid skattepengane kjem!☺️Elles rettleiar eg innbyggjarane i regelverk rundt skatt og skatteinnkrevjing, eller kvar dei skal ta kontakt dersom dei har blitt feil likna.
Tips til innbyggjarane: Det er mange som blandar skattekontoret og skatteoppkrevjarkontoret. Det hendar at folk ringe til skatteoppkrevjarkontoret angåande for eksempel fastsetjinga av skattar, dette er noko eg dessverre ikkje kan hjelpe med og ein må ta kontakt med skattekontoret. Vi på skatteoppkrevjarkontoret har berre med sjølve innkrevjingsbiten å gjere og kan ikkje påverke satsane.


Kva er det beste med Selje kommune?
Eg sluttar aldri å bli fasinert av den utruleg vakre naturen vi har rundt oss her i Selje kommune. Eg vaks opp ved ein fjord på Sunnmøre, omgitt av høge fjell og tykkjer sjølvsagt det òg er vakkert, men her ute er naturen heilt annleis! Du skal ikkje høgt opp før du kan sjå over store landskapsvidder. Eg brukar mykje tid i naturen (både i fjell og fjøre) og eg finn stor glede i det. Eg bur i fjøresteinane med utsikt mot klosteret og det opne havet, heilt nydeleg! Når eg har folk på besøk står dei ofte berre og ser ut. Kommentaren som eg ofte får er: «Er det mogleg å ha ei sånn utsikt!» så eg føle meg ganske heldig ☺️Til slutt vil eg nemne kollegaane mine på kommunehuset. Dei er i seg sjølv verdt å stå opp om morgonen for!

 

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på hildegunn.ervik@selje.kommune.no / 578 58 500

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 22.06.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering