Fredagspraten med Ingrid Stave

Ingrid Stave1.jpg - Klikk for stort bilete Denne veka kan du bli kjent med Ingrid Stave i fredagspraten.

Namn: Ingrid Marie B. Stave
Stilling: Tenesteleiar for Familie og velferd og fagleg leiar for Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT) i Selje kommune
Arbeidsstad: 2. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Delar av jobben min er administrativ leiing med økonomi- og personalansvar for Familie og velferd. I PPT har vi ei todelt oppgåve; å hjelpe barnehagane og skulane i kompetanseheving og organisasjonsutvikling knytt til å legge opplæringa til rette born og ungdom med særlege behov, og å vere sakkunnig instans for å vurdere behovet for spesialpedagogiske tiltak for born og unge i skule og barnhage. Eg har ein variert og spennande jobb, der ingen dagar er like, og der eg får treffe og samarbeide med mange flotte folk. Eg er òg prosjektleiar for prosjektet «Å bu og leve i Stad» i 20% stilling fram til 2020.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Det kjekkaste i jobben min er alltid å få vere saman med born og unge, og få vere med å legge til rette for god utvikling og læring fagleg og sosialt. Gjennom eit tett samarbeid med dei som arbeider med borna og dei unge, håpar eg at dette kan gje gode oppvekstvilkår og utviklingsmuligheiter for dei, og dermed bidra til at dei kan skape ei god framtid for seg sjølve og for samfunnet.

Kva er det beste med Selje kommune?
Eg opplever at det er kjekt å gå på jobb kvar dag, fordi eg har hyggelege, energiske og fleksible medarbeidarar. Elles har Selje mange kvalitetar, som passar flott for meg og familien min. Den særeigne og flotte naturen ein viktig faktor, i tillegg til stort frivillig engasjement for å skape aktivitet for store og små. På fritida kosar meg mellom anna med kor, styrketrening, spinning og strikkeklubb. Eg vil seie at Selje er ein kommune med eit stort og varmt hjarte.

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på ingrid.stave@selje.kommune.no / 578 58 500

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 18.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering