Fredagspraten med Jorunn Breiteig

Jorunn Breiteig.JPG - Klikk for stort bilete Denne fredagen kan du bli betre kjent med Jorunn Breiteig.  

Les meir her om hennar arbeidsdager og kva ho likar best med Selje kommune.

Namn: Jorunn Breiteig
Jobb: Fagleiar i barneverntenesta
Arbeidsplass: 2. etasje på Kommunehuset


Kva består din jobb i?
- Eg er leiar for barneverntenesta i Selje kommune. Min oppgåve er å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Vår avdeling går gjennom bekymringsmeldingar og tar ei vurdering på dei - undersøkingane vert ikkje gjort meir omfattande enn nødvendig. Vi samarbeider i lag med familiane for finne beste løysinga for barn og unge, og kva hjelp vi kan bidra med.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
- Eg hjelper barn og unge i lag med foreldra deira til å finne gode tiltak i høve til kva problem dei slit med. Det hender at foreldre treng råd om korleis dei skal gje barna sine god omsorg og då kan eg hjelpe med å rettleie dei. Barn og ungdom treng òg inn i mellom nokon å snakke med om situasjonar som er vanskelege. Eg prøver å vere fleksibel og reiser gjerne heim til familiane for å møte dei der eller det kan settast opp møte på mitt kontor. Eg kan òg hjelpe til med andre tiltak som til dømes støttekontakt, besøksheim, barnehageplass, fosterheim eller plass på barne- og ungdomsheimar.

Kva er det beste med Selje kommune?
- Det beste med kommunen er at ein enkelt får ei oversikt over alle tenestene her, gode muligheiter for samarbeid og finne løysinger for innbyggjarane. Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø på kommunehuset.
- Eg bur i Eid kommune og har pendla hit kvar dag i mange år. Eg trivast så utruleg godt i Selje.
Det blir òg stor stas med Stad kommune, då kan eg bu og jobbe i same kommune.
Det blir veldig spennande med skipstunnellen og alle nye muligheiter vi kan få som følgje av dette.
- Naturen her må eg også nemne, den er så vakker og ligg meg nært til hjarte.
Eg som og er ein skogsinteressert person, ser utviklingspotensiale med litt skogrydding langs vegane.
Då får vi vist fram enda meir av naturen som Selje kommune har å by på.

Om eg kan hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på  578 58 500 eller på direktenr 97 99 04 73.
Epost: jorunn.breiteig@selje.kommune.no.

God helg!

Sist endra 02.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering