Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Fredagspraten med Kristian Nave

Kristian Nave.JPG - Klikk for stort bilete

Vi vil invitere deg inn på kommunehuset og i det høve har vi innført fredagspraten! Kvar fredag får du moglegheit til å bli kjent med ein tilsett i kommunen.
Først ut er leiar for Plan- og utviklingsavdelinga Kristian Nave.  

Namn: Kristian Nave
Stilling: Leiar for Plan- og utviklingsavdelinga på kommunehuset.

Kva består din jobb i?
Eg jobbar mest med alle slags landbrukssaker og hjelper folk med eigedomsoverdraging.
Elles driv eg med arealplanlegging, Utvalde kulturlandskap, Innovasjon Norge-saker, eigedomskatt, miljøsaker og litt anna.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg får mange telefonar, e-postar og besøk frå innbyggjarane med spørsmål dei er opptekne av, ofte gjeld det eigedomane til folk, landbruk, frådeling, næringsaker, miljøsaker og eigedomsskatt.

Kva er det beste med Selje kommune?
Eg meiner vi er ganske fleksible og finn gode løysingar der det er mogeleg.
Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø på kommunehuset.

Kan eg hjelpe deg med noko?
Send ein e-post kristian.nave@selje.kommune.no eller ring 578 58 500 og avtal ei tid.

God helg!

Sist endra 09.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering