Fredagspraten med Kristin Hennøen

Kristin Hennøen.JPG - Klikk for stort bilete Denne fredagen får du eit innblikk i Kristin sin jobbkvardag.

Namn: Kristin Hennøen              
Stilling: Økonomirådgjevar.
Arbeidsstad: Delt arbeidsplass mellom 3. etg kommunehuset og rådhuset på Eid.

Kva består din jobb i?

I mi stilling som økonomirådgjevar driv eg med overordna rekneskapsarbeid og eg sitt med bredde og detaljkunnskap rundt rekneskapet til kommunen. Eg legg ned mykje arbeid knytt til budsjettprosessen og årsavslutning. I tillegg til dette hjelpe eg avdelingane og tenesteleiarane med økonomiarbeid gjennom heile året.

Korleis hjelper du innbyggjarane?

Eg passar på, i samarbeid med økonomisjef, at økonomien til Selje kommune er ryddig. I tillegg er eg sentral i arbeidet med å utarbeide enkle og forståelege årsrapportar mm., slik at innbyggjarane kan få innblikk i sentrale moment rundt kommunens økonomi.  


Kva er det beste med Selje kommune?

Det beste med Selje kommune er at her er mykje å oppleve og det er noko for ein kvar smak. Eg bur på Eid, men har vore mykje på hyttetur og telttur i Selje kommune. Eg synast at naturen her er utrulig variert og vakker. Eg har enno til gode å surfa i Hoddevik, men gleda meg til å teste det ut og synst det er veldig kult at vi har slike tilbod i nærområdet.

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på kristin.hennoen@selje.kommune.no / 404 37 446

God helg! 

Sist endra 09.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering