Fredagspraten med Kristin Otneim Aarsnes

Kristin Otneim Aarsenes.jpg - Klikk for stort bilete Møt kommunalsjef Kristin Otneim Aarsnes i fredagspraten denne veka. Ho har fokus på kvalitet og nærleik til innbyggjarane innan oppvekst sektoren.

Namn: Kristin Otneim Aarsnes
Stilling: Kommunalsjef Oppvekst
Arbeidsstad: 3. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Som kommunalsjef er mi viktigaste oppgåve å sjå til at skulane og barnehagane utviklar seg til det beste for barn og ungdom i Selje kommune. Eg arbeida difor tett saman med leiarane i barnehagane, skulane og med familie- og velferd avdelinga (helsestasjonen, barnevern og PPT). Vidare er eg eit bindelegg til Fylkesmannen, utdanningsdirektoratet og i regionen sitt interkommunale samarbeid. Eg har økonomiansvar for fellestenestene i oppvekst og personalansvar for mange. Ei anna sentral rolle for meg er å sikre kommunen sitt ansvar som skule- og barnehageeigar. Anna som inngår i arbeidsdagen min er å vidareutvikle styringssystem, kompetanseheving og rapportering, saman med funksjon som assisterande rådmann.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelpe innbyggjarane med å gje blant anna informasjon, rådgjeving og støtte til tenesteleiarane slik at vi sikrar ei god kvalitetsutvikling i skulane og barnehagane våre. Kvalitet er svært viktig og vesentleg for gode oppvekstvilkår i bygdene våre.

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje kommune er at organisasjonen er oversiktleg og vi samarbeida godt på tvers av sektorane. Vi har nærleik til innbyggjarane våre og eg kjenne nesten alle elevane på skulane og 6-åringane i barnehagane. Dei er bra kjekke og fine unga! Naturen i Selje er storslott og så ligg Selje kommune i nærleik til vakre Vanylven :)

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på kristin.otneim.aarsnes@selje.kommune.no / 458 78 546

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 08.06.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering