Fredagspraten med Margreth Rundereim

Margreth Rundereim1.jpg - Klikk for stort bilete Bli betre kjent med Margreth Rundereim som stiller til fredagspraten!

Namn:  Margreth Rundereim   
Stilling: Leiar på NAV kontoret i Selje 
Arbeidsstad: 1. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Eg er leiar for åtte kjekke tilsette og har ansvaret for den daglege drifta av NAV Selje. Eg har òg oppfølging av brukarar som har behov frå oss for å kome i arbeid, aktivitet eller treng økonomisk hjelp i ein vanskeleg livssituasjon. Vi har mange lover og reglar å følgje og dei er stadig i endring. Det er difor viktig å halde tunga beint i munnen når vi sit med sakshandsaming.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Hovudmålet til NAV er å gje menneske moglegheiter. Eg og mi avdeling jobbar difor aktivt med oppfølging av våre brukarar mot arbeid og aktivitet. Vi gjev økonomisk stønad og rettleiing til dei som har behov for det. Eg synast at det å jobbe i NAV er veldig kjekt, då eg møter mange innbyggjarar som er i ulike livssituasjonar, både på godt og vondt. Vi brukar å seie at vi som arbeidar i NAV følgjer brukarane i frå vogge til grav, då spekteret i arbeidsoppgåvene er så forskjellig. Med tanke på kor krevjande arbeidsoppgåvene vi har i NAV er, så har vi eit godt arbeidsmiljø med mykje humor og latter som gjev oss energi i kvardagen! Eg trur at vårt gode humør smittar og bidrar til enda betre tenester frå oss 😊

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje er den flotte naturen og det utfordrande været som vi har ute på kysten! Vi har mange fine turstiar i fjellet som eg likar godt og dei finaste sandstrendene etter mitt syn. Når sola skin og det er varmt ute er Selje kommune den finaste plassen å vere 😊

 Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt på margreth.rundereim@nav.no / 5555 3333 eller 578 58 500

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 28.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering