Fredagspraten med Mona Austring

Mona Austrin.JPG - Klikk for stort bilete Denne veka får du møte Mona Austring i fredagspraten.

Her kan du lese meir om ho.
 

Namn: Mona Austring

Jobb: Psykisk Helsearbeidar i Selje kommune
Arbeidsplass: Held til i 2.etasje i kommunehuset

Kva består din jobb i?
Min jobb består i å møte folk, som på ulike vis slit med den psykiske helsa. Hjelpa vert tilpassa den enkelte sitt behov og kan vare frå eit par månader til fleire år. Det kan vere i form av støttesamtalar, praktisk hjelp eller å vere med på møter med andre instansar, til dømes andrelinjetenesta

Pasientane vert henvist frå legekontoret, Spesialisthelsetenesta, NAV eller andre. I nokre tilfelle tek folk sjølv kontakt og ber om hjelp. Eg er medlem i det kommunale kriseteamet, kompetanseteamet, samordningsgruppa og sit i Styringsgruppa for psykisk helsearbeid i Nordfjord.

Korleis kan du hjelpe innbyggjarane?
Eg prøver å gje den einskilde den hjelp/oppfølging som er naudsynt for å komme seg vidare og å sjå moglegheiter før problemstillingar. Det handlar ofte om å endre fokus og å ikkje la negative tankar og følelsar dominere. Eg tenkjer òg at det er viktig å vere tilgjengeleg og at det skal vere lett for folk å oppnå kontakt med tenesta. Målet er å vere eit lågterskeltilbod.

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje er at det er kort avstand frå tenesta til brukar/pasient og mellom dei ulike einingane som kan vere involvert i same sak. Ein er fleksibel og prøver å lage tilpassa opplegg for den enkelte brukar/pasient. Eg arbeider på ein stad med knakande godt arbeidsmiljø. Det er òg ei særs spennande tid vi er inni no i samband med Stad 2020 prosjektet.

Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt med Selje kommune tlf 578 58 500, så vil det verte etablert kontakt.

God helg!

Sist endra 19.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering