Fredagspraten med Nanda Maack

Nanda Maack1.jpg - Klikk for stort bilete Denne veka er det fredagspraten med kyrkjeverje Nanda Maack.  

Namn: Nanda Maria Maack
Stilling: Kyrkjeverje
Arbeidsstad: Kontor i 2 etasje på kommunehuset, arbeidar for kyrkjene i Selje

Kva består din jobb i?
Som kyrkjeverje er eg sekretær for fellesrådet, der eg blant anna forbereder fellesrådsmøter saman med leiar frå fellesrådet. I tillegg er det eg som har ansvar for den daglege drifta av kyrkjene og kyrkjegardane. Dette innebere ansvar for økonomien og personalet, samt for investeringsprosjekter som kyrkjene har. Akkurat no er vi inne i ein prosess med å kjøpe nytt orgel til Ervik kyrkje. Slike ting er veldig kjekt og spennande J

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg har mykje kontakt med innbyggarane og får dagleg førespurnad om forskjellige ting. Det kan vere at dei ønskjer informasjon om graver og gravstell, informasjon om gudstenester, konfirmantarbeid og bestilling av kyrkjelege bryllaup for å nemne noko av det. Eg prøvar så godt eg kan å rettleie dei som tek kontakt og gje dei den informasjonen som dei ønskjer J

Kva er det beste med Selje kommune?
Eg byrja å arbeide i Selje kyrkjelege fellesråd i 2015 og saman med familien min flytta vi til Selje no i sommar. Eg e difor relativ ny busett innbyggjar her og vi likar oss godt J Det kan vere vanskeleg å flytte til ein ny plass med tre born som skal byrje i ny barnehage og skule, men den varmen vi har fått frå folket og den fine velkomsten har gjort det mykje lettare enn eg kunne forvente! Eg er svært glad i mine fantastiske kollegaer og takksam for alle dei fine folka på kommunehuset. Eg må også nemne den magiske historia knytt til området med blant anna klosteret på Selja som eg synast er veldig fasinerande!

Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt på Nanda.Maack@selje.kommune.no / 979 90 447

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 26.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering