Fredagspraten med Nina Refsnes

Nina Refsnes.JPG - Klikk for stort bilete Bli kjent med Nina Refsnes frå PPT i denne fredagspraten denne veka.  

Namn: Nina Refsnes

Stilling: Pedagogisk psykologisk rådgjevar i PPT.
Arbeidsstad: 2. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Eg hjelpe skulane og barnehagane i kommunen med å leggje til rette i medhald til barnehagelova og opplæringslova. Vi vil at alle barn og unge skal få den opplæringa som dei rett på. Det hender at eg er på skulen og i barnehagane for å hente inn informasjon gjennom observasjon, samtale og kartlegging. Samarbeid med tilsette i barnehagane, skulen og føresette er ein viktig del av arbeidet mitt – og ikkje minst bli kjent med barnet og eleven.

Korleis hjelpe du innbyggjarane?
Eg gjere mitt beste for at alle barna i kommunen får ein sikker og god utvikling i barnehagane og skulane.

Kva er det beste med Selje kommune?
Ein kan oppleve mykje forskjellig her i kommunen! Det er noko å finne på for folk i alle aldrar og med ulike interesser. Eg er glad i å gå på fjellet, sykle og gå tur for å nemne noko av det. Elles kan man surfe, spele fotball, drive med turn og meir. Vi har mange flotte tilbod og ikkje minst flotte menneske som stiller opp til det meste. Her er veldig godt samhald mellom innbyggjarane og vi vise gong på at ein kan få til ein heil masse på utkanten av landet!

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på nina.refsnes@selje.kommune.no eller 578 58 500.

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 16.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering