Fredagspraten med ny medarbeidar Gry Takset

Gry Takset1.jpg - Klikk for stort bilete

Gry Takset er ny medarbeidar på plan og utviklingsavdelina. Bli betre kjent med ho i fredagspraten denne veka 😃

Namn: Gry Takset
Stilling: Sakshandsamar på plan og utviklingsavdelinga
Arbeidsstad: Kontor i 3. etasje på kommunehuset

Litt om meg:
Eg har budd mesteparten av livet mitt på austlandet, men kjem opprinneleg frå Eidså i Vanylven. I hjarte har eg alltid vore vestlending og har no tatt med meg familien heim til Vanylven! Vi nyt den rolege, stille tilværelsen her ved kysten og brukar naturen rundt oss mykje. Eg har nyleg tatt bachelor i samfunnsplanlegging ved høgskulen i Volda, der eg fokuserte på utvikling og nærdemokrati. Eg byrja nyleg i jobben her i Selje kommune og har blitt tatt godt i mot av nye kollegaer og innbyggjarar 😃

Kva består din jobb i?
Eg har nettopp starta her i kommunen og har ikkje kome meg heilt inn i rutinar og oppgåver enno, men eg gleda meg til å ta fatt på utfordringane som kjem på min veg! Hovudarbeidet i mi stilling skal vere byggsaker og så kjem det alltids nye oppgåver ved sidan av. Akkurat no skal eg byrje med digitalisering av hjortevalda i kommunen, som er veldig spennande!

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Som eg nemnte er eg ny, men håpar at eg kan vere ein god ressurs for innbyggjarane med rettleiing innanfor fagområdet mitt til dei som treng det. Det er berre å ta kontakt med servicekontoret eller meg for å avtale ei tid, så skal eg prøve å vere så tilgjengeleg som mogeleg 😃 Eg er blid og positiv mot alle som møter meg, då vil ting som regel gå mykje betre – i tillegg til at du vil gjere dagen til nokon andre betre òg!

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste med Selje kommune må vere all den fine naturen som er her, alle moglegheitene som ein har og ein fridom som ein kan skape til sitt eige. Vi har vatn og fjell innanfor korte avstandar til kvarandre. Eg kan trygt seie at eg smila like mykje kvar gong eg køyre over fjellet og ned mot den fantastiske utsika! Eg blir berre meir og meir glad i kommunen. Vi må tenkje på alt det Selje har å tilby og eg gleda meg til å bli meir kjent med områda her ute og ikkje minst alle dei herlege folka som eg får jobbe med kvar dag 😃
Heilt til slutt! Ein fin ting å tenkje på er at det finst ikkje hindringar, berre mogelegheiter!

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på gry.takset@selje.kommune.no / 570 58 500

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 07.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering