Fredagspraten med ny medarbeidar Marita Sundal Ervik

Marita Sundal Ervik1.jpg - Klikk for stort bilete Bli kjent med Marita Sundal Ervik i fredagspraten! Ho har som nyleg byrja å jobbe for eigedomsavdelinga i Selje kommune 😊

Namn: Marita Sundal Ervik
Stilling: Fagarbeider ved eigedomsavdelinga
Arbeidsstad: Rundt om i kommunen

Litt om meg:
Eg er født og oppvaksen i Volda. I 2011 flytta eg til Stadlandet og lika meg godt her! Eg er utdanna elektrikar av yrke og har for det meste arbeida innan skipsindustrien og offshore. Då eg slutta med å arbeide til sjøs, har eg vore vikar på kjøkkenet på sjukeheimen og i Leikvang barnehage. I sommar byrja eg i ny jobb som fagarbeidar/bedriftselektrikar for eigedomsavdelinga i Selje kommune.

Kva består jobben din i?
Eg er ein av fire vaktmesterar og arbeidar med drift og vedlikehald av dei kommunale bygga våre. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte. Eg har lært mykje nytt allereie og synast at det er kjekt med den variasjonen som eg har i min nye jobb. Eg håpar også at eg kan vidarebringe ein del av min kunnskap som elektrikar til mine kollegaer og inn i yrket mitt som fagarbeidar.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelpe innbyggjarane våre med å halde våre kommunale bygg vedlike. I det siste har vi på eigedomsavdelinga pussa opp leilegheit på eldretun, rom på sjukeheimen og laga til forskalinga til muren på dagsturhytta på Risnakken. Vi køyre òg ut hjelpemiddel til dei som treng det i kommunen vår og prøvar så godt vi kan å gje dei rask og god service 😊

Kva er det beste med Selje kommune?
Må nok seie meg einig med mange andre som har stilt i fredagspraten og seie at det må vere nærleiken til fjell og fjøre!

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på marita.sundal.ervik@selje.kommune.no / 578 58 500

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 21.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering