Fredagspraten med Ole Starheim

Ole Starheim1.jpg - Klikk for stort bilete Denne fredagen blir du betre kjent med økonomisjef for Selje og Eid, Ole Starheim i fredagspraten.

Namn: Ole Starheim
Stilling: Økonomisjef i Selje og Eid kommune
Arbeidsstad: Kontorplass på Eid rådhus (men er der lite). Det blir mykje møter både i Selje og i Eid, så eg finn meg eit ledig kontorbord der det passar 😊

Kva består din jobb i?
Jobben min består i å hjelpe kommunane med å få gode og realistiske budsjett, og at disse vert følgde gjennom året. Eg må vidare syte for at rekneskapane er oppdatert og at dei vert avslutta og godkjent av revisor når året er omme. Eg skriv òg saker om økonomistyring til politisk handsaming, samt orienterar formannskapet og kommunestyret. Eg har personalansvar for økonomiavdelinga i Eid kommune, i tillegg til ei lang rekke med andre oppgåver som ikkje er så kjekke å lese om på ein fredag!

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg har ikkje direkte kontakt med innbyggjarane gjennom kommunal tenesteyting, men det er viktig at kommunen har god styring- og kontroll på økonomien gjennom heile året. På lang sikt vil dette vere med å sikre best mogeleg teneste til innbyggjarane. Her er det eg kan vere med og bidra 😊

Kva er det beste med Selje kommune?
Eg trivast veldig godt blant kollegaer i Selje og føle eg fekk ein varm velkomst då eg tok over som økonomisjef i kommunen for ca. 1,5 år av både tilsette og innbyggjarane. Det setter eg pris på! Eg må også dra fram den flotte naturen og landskapet her ute. Det er stor forskjell frå det som vi har litt lenger inne i fjorden. Eg ser verkeleg fram til fine fjellturar og båtturar dei komande åra rundt om i Selje! 😄 Til slutt må eg berre legge til at det hadde vert spesielt spennande om vi hadde fått realisert Stad skipstunnell! – Kven veit kva det kan føre til med aktivitet og utvikling 😊

Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt på ole.starheim@eid.kommune.no / 913 20 144

God helg!
 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 19.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering