Fredagspraten med Ragna Haaland

Ragna Haaland1.jpg - Klikk for stort bilete Bli kjent med kommunalsjef for helse og omsorg Ragna Haaland i fredagspraten.

Namn: Ragna Haaland
Stilling: Kommunalsjef helse og omsorg
Arbeidsstad: Kontor i 3. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Mine viktigaste arbeidsoppgåve er å sikre at innbyggjarane i Selje kommune har gode og tenlege helsetenester. Eg har difor tett samarbeid med tenesteleiarane i pleie- og omsorg, legetenesta, fysioterapeutane, psykiatritenesta og rehabiliteringstenesta. Eg er også bindeleddet til Fylkesmannen og til dei interkommunale tenestene våre, og bidreg i samarbeidet med spesialisthelsetenesta gjennom felles forpliktande  avtalar. I tillegg må eg halde meg oppdatert på dei nasjonale føringane i landet innan helse og syte for at kommunen er oppdatert og held seg til dei overordna målsetjingane. Eg har medansvar for rekruttering av helsepersonell og følgje opp at lærlingar har gode vilkår under opplæringsperioden. Eg har personal- og økonomiansvar for fellestenestene i helse, ansvar for å søkje på ulike typar tilskotsordningar og rapportere både innad i kommunen og til nasjonale register.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg hjelper innbyggjarane mest gjennom tenesteleiarane i pleie- og omsorg og gjennom fellestenestene i helse. Mi oppgåve er å syte for at dei får støtte, informasjon og råd, slik at innbyggjarane skal kjenne seg trygge på at dei får den hjelp som dei har krav på. Det er viktig at sektorane i kommunen samarbeida på tvers til beste for alle. Eg er svært oppteken av å bidra til eit godt samarbeidsklima i kommunen.

Kva er det beste med Selje kommune?
Det beste er folka og landskapet! Landskapet og naturen er heilt fantastisk med mange moglegheiter for eit rikt friluftsliv både på fjellet og på sjøen. Eg flytta hit for 35 år sidan og har likt meg veldig godt frå første stund :D Eg opplever at folka her er kjekke med mange gode kvalitetar. Eg er heldig som har hatt arbeid innan ulike avdelingar i helse og har på den måten blitt kjent med mange av innbyggjarane våre i heile vår vidstrakte kommune frå Honningsvåg til Flatraket. Eg set også stor pris på kollegane mine og opplever at vi samarbeida godt til det beste for innbyggjarane og tilsette i kommunen. Vi har mange frivillige organisasjonar i kommunen og det er lett å engasjere seg om ein har lyst til å bli betre kjent og bidra til fellesskapet!


Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt med ragna.haaland@selje.kommune.no / 90601218

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 05.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering