Fredagspraten med Stein Robert Osdal

Stein Robert Osdal1.jpg - Klikk for stort bilete Møt ordførar Stein Robert Osdal i fredagspraten denne veka og få innblikk i kvardagen hans! 

Namn: Stein Robert Osdal
Stilling: Ordførar
Arbeidsstad: 3. etasje på kommunehuset


Kva består din jobb i? 
Jobben min er veldig varierande og byr på mykje! Som ordførar er eg først og fremst den politiske talspersonen for kommunen og leiar av dei politiske møta til formannskapet og kommunestyre. Det som eg syns er den viktigaste rolla er å vere eit godt bindeledd mellom dei folkevalte organ og administrasjonen.

Korleis hjelper du innbyggjarane?

Mitt fokus er å vise omverden kor flott kommunen vår er og dei positive kvalitetane som vi har! Det er òg viktig for meg å løfte politiske saker som er viktige for Selje i regional og nasjonal samanheng. Eg får ofte telefonar frå innbyggjarar som har små og store saker dei ynskjer skal bli tatt i betraktning, då prøvar eg å rettleie dei så godt eg kan. Nokon saker krev administrativ avklaring, mens andre må behandlast politisk

Kva er det beste med Selje kommune?

Det eg må trekke fram som det beste med Selje kommune er næringslivet. Dei er langt framme både nasjonalt og internasjonalt og det er kjempemotiverande å vere saman med næringslivsleiarane i kvardagen. Det er spennande å sjå korleis dei driv selskapet/bedrifta inn i framtida og inn i nye tider. Vidare er det rike kulturlivet som vi har, innbyggjarar/lag/organisasjonar arbeidar standhaftig for å gje oss gode fritidstilbod. Til slutt, men ikkje minst må eg nemne naturen. Vi har ein variasjon frå storhavet, strendene og fjella som gjev rikeleg med mogelegheiter for rekreasjon.
 

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på 417 64 312 / stein.robert.osdal@selje.kommune.no

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 25.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering