Fredagspraten med Terje Nybakk

Terje Nybakk1.jpg - Klikk for stort bilete Litt vemodig fredagsprat denne veka. Det er Terje Nybakk sin siste arbeidsdag og han tek no til i pensjonisttilværelsen. Les meir om kva han har gjort for kommunen dei siste 40 åra.

Namn: Terje Nybakk
Stilling: Pensjonist
Arbeidsstad: 3. etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?

Eg har arbeida i Selje kommune i snart 40 og vore innom det meiste innan kommunalteknikk. Dei første 5-6 åra i kommunen arbeida eg med reguleringsplaner og oppmåling av for eksempel tomter og vegar. Deretter var eg kommuneingeniør med ansvar for alt innanfor teknisk etat sitt verkeområdet. Vidare fekk eg utvida stilling med ansvar for planlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av vegar og vassforsynings- og avløpsanlegg. Ved årstusenskiftet tok eg over som tenesteleiar for kommunaltekniske anlegg. Etter 20 år som leiar i kommunalteknikk, har eg sidan sommaren 2017 vore tilsett som ingeniørfagleg rådgjevar for kommunalteknisk avdeling.

Korleis hjelper du innbyggjarane?

Den viktigaste oppgåva for kommunalteknikk er å sørge for at innbyggjarane har reint og tilstrekkeleg med drikkevatn. Deretter er det viktig at kommunale vegar til ein kvar tid er framkomelege, også om vinteren når det snør på det meiste. I tillegg er det viktig for oss at avløpsanleggene våre fungerar og sørge for å reparere og evt. skifte ut gamle leidningar. Eg har hjelpt innbyggjarar og bedrifter med å behandle søknadar om tilknyting til kommunale leidningar og vedlikeheld kommunalt leidningskartverk og abonnentregister. Vidare har eg òg hjelpt til med behandling av søknadar om avkøyrsleløyver, trafikkskilt og evetuelle dispensasjonar frå byggegrensene frå kommunale vegar.

Kva er det beste med Selje kommune?
Det er svært mange ting er bra med Selje kommune!
For meg er naturen, det allsidige været og alle friluftsaktivitetane ein kan drive med her i kommunen som er det beste. - Bortsett frå været, må vi passe på at vi ikkje misser noko av dette ved den kommande kommunesamanslåinga. I tillegg må eg nemne stillheita og roa; - det å kunne stoppe opp når ein er på ein fjelltur og kjenne på at det ikkje er ein lyd å høyre, berre frisk luft i lungene er fantastisk!

Trenger du hjelp med kommunalteknikk?
Finnur Kristinsson tek over stafettpinnen!

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 04.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering