Fredagspraten med vår nye medarbeidar Belinda Fure

Belinda Fure1.jpg - Klikk for stort bilete

Belinda Fure har tatt til i stillinga som politisk sekretær. Les meir om kva bakgrunn ho har og kva hennar nye jobb går ut på.

Namn:  Belinda Fure
Stilling: Politisk sekretær
Arbeidsstad: Servicekontoret

Litt om meg:
Eg er oppvaksen i Selje, men har budd vekke i 17 år. I april 2017 bestemte vi oss for å flytte heim til Selje og etablere oss her. Eg har ein bachelor i reiseliv og eit deltidsstudium i grafisk design med prosjektleiing. Etter studium har eg arbeida nokre år på hotell og frå 2007-2017 jobba eg på servicesenteret- og økonomi i Oppland fylkeskommune. Det siste året har eg arbeida på service avdelinga i Vågsøy kommune. Eg og familien min har blitt veldig godt mottatt i bygda og held no på å bygge oss nytt hus, som vi gleda oss veldig til å flytte inn i (med vestlandets finaste utsikt!).

Kva består din jobb i?
Hovudarbeidet mitt er å vere møtesekretær for dei politiske utvala, som formannskap og kommunestyre. I tillegg til utvala i Selje kommune er eg òg sekretær for fellesnemnda og partssamansett utval for Stad2020.  I praksis vil det sei at eg sende ut møteinnkallingane, tilkallar eventuelle vara dersom forfall, føre protokoll under møte og lagar møtebøkene som blir publisert på heimesida. Eg starta rett før sommarferien og har ikkje kome ordentleg i gang enda, men eg gleda meg veldig til å ta fatt i dei nye arbeidsoppgåvene! Eg kjem òg til å ha litt arbeid knytt til servicekontoret.

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Som sagt er eg ny i stillinga og det har vore lite politiske møte fram til no, men eg håpar at eg kan hjelpe innbyggjarane med informasjon om dei politiske møte og lage gode møtebøker for politikarane og interessentane.

Kva er det beste med Selje kommune?
Svaret er ikkje så vanskeleg, men likevel ikkje så enkelt å svare på… Det er noko med fridomen i naturen, med både sjø og fjell i nærleiken og alt vêret som høyre til. I tillegg til at eg har familien min her, var det medverkande årsak til at vi flytta heim.

Kort sagt kan svaret seiast med eit ordtak eg har vakse opp med: «I godvêr ein idyll, i uvêr ei mektig oppleving».

Kan eg hjelpe deg med noko?

Ta kontakt på belinda.fure@selje.kommune.no / 979 90 411

 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 17.08.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering