Fredagspraten med Wenche Berget

Wenche Berget1.jpg - Klikk for stort bilete Denne veka er det Wenche Berget som er fredagspraten! Les meir om kva ho gjere i kommunen her ☺️

Namn: Wenche Berget
Stilling: Leiar av servicekontoret og IKT-koordinator
Arbeidsstad: 3.etasje på kommunehuset

Kva består din jobb i?
Først og fremst er eg leiar for ein kjekk og dyktig gjeng på servicekontoret. Arbeidsoppgåvene på servicekontoret er mange, ulike og vi server både kommunen internt og eksternt. Om nokon fortener skryt i kvardagen er det disse damene!☺️

Eg er òg prosjektleiar i Stad2020 og har delprosjekt som omfattar alt frå felles teneste til system. Endringsprosessen og samanslåinga krevje mykje arbeid, men det er ein unik mogelegheit å få vere med på å forme ei ny kommune og det er veldig spennande!
Utanom prosjekt, blir det mykje IKT relatert arbeid internt, som blant anna innkjøp og sette opp ulike utstyr for dei interne brukarane våre. Eg er systemansvarleg og hjelpe til med opplæring og rettleiing innanfor dei ulike systema som kommunen brukar. Vidare arbeida eg med tryggleiksarbeid og i disse dagar med den nye personversforordninga (GDPR). 

Som leiar på servicekontoret er eg opptatt av at vi kan tenke innovativt og nytt opp mot innbyggjarane våre. Eg håpar at når vi kjem dit i prosjektsamanheng at innbyggjarane er flinke til å involvere seg ☺️

Korleis hjelper du innbyggjarane?
Eg har ikkje så mykje direkte kontakt med innbyggjarane våre, men forsøker å legge til rette for digitale løysingar som for eksempel «svar ut». Svar ut gjere formidling av dokument mykje enklare og raskare mellom kommune og innbyggjarar. Når vi i 2019 skal ha kommuneval igjen, er eg tettare på med tanke på informasjon og tilrettelegging for valgjennomføring. Sjølv om det er travle dagar, er døra mi stort sett open og eg tek i mot dei som skal ha behov for hjelp ☺️

Kva er det beste med Selje kommune?
Det er heilt klart alle dei kjekke kollegane mine og dei menneska som eg møte i ulike samanhengar. Selje kommune har ein storslått natur. Det er mangfaldet og ulikhetane som gjere at eg synast Selje kommune er ein av dei vakraste plassane. Som mange andre i området her, likar eg å ferdast i naturen og veit å sette pris på tilgangen til både fjell og hav!

Kan eg hjelpe deg med noko?
Ta kontakt på wenche.berget@selje.kommune.no / 578 58 500

God helg!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 13.07.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering