Gjenåpningen av gymsalen på Stadlandet skule

Snorklipping.jpg - Klikk for stort bilete I starten av året byrje prosessen med å legge nytt golv i gymsalen og like etter påske var gymsalen igjen klar for drift. Dette blei feira med ei opningsfest for heile skulen den 17.april.

Vår sin Butikk stilte opp med baking av nydelege kaker og ordna eit flott serveringsbord til elevane og tilsette. Elevane hadde laga eit lite program med musikkinnslag frå blant anna bandet "Wolf puppies". Frå kommunen stilte rådmannen Kristine Dahl og tilsette frå eigedomsavdelinga. Dei hadde òg med ei lita gåve til skulen på 1000 kroner som skal brukast til innkjøp av nytt utstyr til gymsalen. Ordførar Stein Robert Osdal, saman med representant frå elevrådet klippa snora.

Vi håpar at det nye golvet i gymsalen er til stor glede for elevar, tilsette og lag- og organisasjonar.

Wolf puppies opptrer.JPG - Klikk for stort bilete

barna ved stadlandet skule.jpeg - Klikk for stort bilete

Blomster til eigedomsavd..jpeg - Klikk for stort bilete

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 27.04.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering