Gjennomslag i Strandanipatunnelen

Strandanipetunnelen.JPG - Klikk for stort bilete Jon Harald Huseklepp Søndag kveld kom gjennomslaget på fv. 633 til Honningsvågen på Stadt. I måndag ettermiddag blei hendinga feira med kake.

 

Gjennomslagssalva vart avfyrt klokka 18.30 på søndag. Gjennomslaget er ein stor milepel i prosjektet, og det er ein stor glede at me no har hol gjennom tunnelen. Måndag ettermiddag blei det markert med kake for tunneldrivarane og mannskapet rundt, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.Strandanipetunnelen drone.JPG - Klikk for stort bilete Jens Tveit

Første salve på tunnelen gjekk i byrjinga av november, så det har tatt rundt seks månader å bore og sprenge seg igjennom berget. Den 595 meter lange tunnelen sikrar eit rasfarleg parti på fv. 633 ute ved Stadthavet.

Tunnelriggen skal no brukast til å bore hol til ein del ekstra sikringsboltar, før dei reiser av garde med maskinen seinare i veka. Deretter skal solen i tunnelen reinskast og arbeidet med å leggje røyr, kummer og vass- og frostsikring startar, seier Huseklepp.

Så startar arbeidet med elektriske installasjonar og naudsystem inn i tunnelen.

YIT Norge AS har stått for tunneledrivinga, medan Volda Maskin har teke utlasting av steinmassar og bygging av veg og deponi i dagsona. Målet er å få tunnelen klar til opning før kommande vinter set inn for fullt.

 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 15.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering