Godt driftsresultat for Selje kommune i 2017

Kveld på Stad - Klikk for stort bilete B. Fløde
Oversikta over Selje kommune sitt driftsrekneskap for 2017, les meir i artikkelen.

Selje kommune avla før helga rapport for rekneskapen 2017 for Selje kommune til SSB. 
Resultatet blei eit mindreforbruk på kr 15,4 mill. (overskot)

I dette ligg det bruk av disposisjonsfond på kr 2,5 mill, slik at reelt resultat er eit mindreforbruk (overskot) på kr 12,9 mill. Rekneskapen er ikkje revidert så endringar fram til ferdig revidering kan forekome.

Det er svært gledeleg at rekneskapen for Selje kommune atter ein gong viser solide tal og at vi får eit godt overskot.

(Trykk på bilete for større storleik)

resultat.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

resultat 2.png - Klikk for stort bilete

 

 


Alle rammeområda viser god budsjettdisiplin og har mindreforbruk på sine einingar. Dette visar at Selje kommune har ein gjennomgåande god økonomistyring der alle tenesteleiarar og tilsette er lojale mot måla som er satt.

Eg vil berømme alle tilsette, tenesteleiarar og rådmann for dette og resultatet. Resultatet gjev Selje kommune mogelegheiter for å løfte fleire viktige positive utfordringar for kommunen framover. Vi har store løft foran oss som gjer at vi må ha økonomisk buffer til å kunne satse.

Selje kommune har no ca 23 million kroner på disposisjonsfondet.

Stein Robert Osdal
Ordførar i Selje

Epost: stein.robert.osdal@selje.kommune.no
Mobil 41764312

Sist endra 21.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering