Grunnlovsjubileet i Selje den 29.mai

Norsk flagg - Klikk for stort bileteNorsk flagg

 

 

Selje kommune markerer grunnlovsjubileet torsdag den 29.mai (Kristi Himmelfartsdag)
Markering på kaia på nordsida av Nabben klokka 1300

Grunnlovsseilasen med skonnerten «Anna Rogde» har stopp i Selje på si ferd frå Hammerfest til Oslo og vidare til Eidsvoll.
Skuta har to stopp i Sogn og Fjordane før den reiser til Bergen. Det andre stoppet utanom Selje er Eivindvik i Gulen. Anna Rogde - Klikk for stort bileteAnna Rogde

Båten kjem til kai klokka 1300

Folkefest på kaia
Program:
1300 – 1430
Innsegling - Salutt - Helsingar - Eid mannskor - Selje skulekorps - Grunnlova si historie - Allting på kaia

1500 – 1800
Marknad, søndagsopne butikkar, aktivitetar av ymse slag

1800 – 1900
Pillegrims- musikkandakt i Selje kyrkje, Kari Leine Balog, Jon Inge Sigerland

2000
«Anna Rogde» reiser til Eivindvik

Vi oppmodar alle å flaggeVi gjer merksam på at det i samband med besøket vil bli innført endra køyremønster på Nabben. Parkeringsplassen på nordsida av kommunehuset vil bli avsengd til arrangementet, og vi bed om at dei som har planlagt langtisparkering i samband med reise, set bilen ein annan stad.

Vegen blir stengd, og det vil bli køyring i begge retningar den gamle vegen til Hurtigbåtkaia.Eidsvold 1814 - Klikk for stort bileteEidsvold 1814

 

 

Kontaktinformasjon:

Selje Servicekontor
Telefon 578 58500

post@selje.kommune.no

Svein Barmen
Telefon 979 90421

svein.barmen@selje.kommune.no

 

 

 

Seglingsplan Anna Rogde - Klikk for stort bileteSeglingsplan Anna Rogde

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering