Har du namneforslag til vegadresser i Selje?

vegkart leikanger.JPG - Klikk for stort bilete Har du forslag til namn på vegar, kulturverdiar og lokale stadnamn som høver seg for dei offisielle vegadressene i kommunen? I artikkelen ligg det ved kart over bygdene, der vegar som skal få offiselle namn er merka med tal.

Vegparsellar

Administrasjonen har laga forslag til vegparsellar i Selje kommune. Namnenemnda har med nokre justeringar førebels godkjent forslaga som seinare  skal handsamast i  formannskap og kommunestyret.
Vegparsellar er inndeling av vegsystema etter malar frå Kartverket. Dei viktigaste føringane er:
• Naturleg start og avslutting (helst frå kryss til kryss)
• Hovudregelen er at det skal vere minet 5 adresseobjekter, (bustadhus/verksemder,o.l) eller at vegen må vere over 2 km lang. 
• Dei som ikkje får eiga vegadresse, får hovudvegen som adresse. Dette gjeld mange i Selje kommune som bur langs fylkesvegane.
«Det er åpnet for at vegadresser kan ha et adressetilleggsnavn som inngår i den offisielle adressen, etter matrikkelforskriftens § 54. Dette gjelder for gårdsbruk, særlig kjente institusjoner eller bygninger, eller for grender, boligfelt, hyttefelt, mv. Bakgrunnen for dette er blant annet et ønske om å kunne ta vare på stedsnavn av kulturvernmessig verdi, slik at de kan komme i vanlig bruk som en del av den offisielle adressen. Adressetilleggsnavnet er et tillegg til vegadressen med adressenavn og adressenummer».

Vidare arbeid:

Alle vegparsellar skal få sitt til namn. Administrasjon og namnenemnda skal no i gang med dette arbeidet.
I den samanheng ber vi om at lag, organisasjonar og privatpersonar kjem med forslag til vegnamn på dei parsellane som er presenterte i vedlegga. Du kan òg komme med merknader til sjølve inndelinga av vegparsellane. Administrasjonen/namnenemnda skal deretter lage ei tilråding som skal leggast ut til offenteleg ettersyn (høyring) i 6 veker før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Språkrådet skal òg godkjenne namneforslaga.

Adresserettleiar:

Kartverket har laga ein rettleiar for tildeling og forvaltning av adresser etter matrikkelova.
Rettleiaren har denne linken : https://kartverket.no/adresseveileder
Punkt 6 i rettleiaren omhandler stadnamn og namnebruk i adresser og i punkt 6.6.1 finn de prinsipp for val av adressenamn.

Nokre kommentarar til forslaga til vegparsellane.

De finn 4 vedlegg (kart) med innteikna vegparsellar. Dette er:

A. Oversiktskart over heile kommunen (PDF, 937 kB)
B. Flatraket (PDF, 927 kB)
C. Selje sentrum (PDF, 2 MB)
D. Leikanger sentrum (PDF, 891 kB)

Det er brukt ulike fargar for å lettare kunne finne fram. Parsellane er nummererte med tilhøyrande forklaring på kvart vedlegg.

Oversiktskart over heile kommunen.

Her finn de hovudvegane. Det er naturleg at vegar som krysser kommunegrenser har same namn. Prinsippet om at parsellane bør vere samanhengande frå kryss til kryss. Dette fører til at vi får ein parsell frå Almenningsfjellet til Selje sentrum, (eventuelt Eidekrysset).
Likeeins får vi ein parsell frå krysset på Åheim mot Stadlandet. Her har nemnda forslag om at parsellen går heilt til Honningsvåg.

Andre vegar:

Vi har drøfta ein del «mindre» vegar som kanskje kan bli eigen parsell, men førebels er desse ikkje teikna inn på kart. Dette gjeld:
• Kryss i Ervik til kapellet
• Drage: Vegen til Austmyr
• Årvik: Frå krysset og ned mot sjøen/nausta
• Rundereim
• Fløde (gamlevegen) 

Kva gjer du ?

Vi håper at du engasjerer deg i namneforslag og sender inn forslag til post@selje.kommune.no eller send i brevpost til Selje kommune, 6740 Selje. Merk gjerne e-post/post med referansekode: 17/616.
Du kan og legge ved kart som viser kva veg du sende inn namneforslag til.
Du kan komme med forslag fram til 14. september.

Les her for meir informasjon om vegadresse prosjektet (PDF, 116 kB)

Tidlegare artikkel om vegadresseprosjektet

Denne artikkel i utskriftsformat (PDF, 116 kB)

Sist endra 01.08.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering