Heile Noreg ryddar

Nomil.jpg - Klikk for stort bilete Fyrste veka i mai vert det storrydding av Nordfjord - frå fjord til fjell. Nomil tek imot avfall kostnadsfritt frå aksjonen på gjenbruksstasjonane våre, torsdag 3. mai. Etter denne dagen tek Nomil imot sekkar kostnadsfritt knytt til kystløtteriet i perioden 1.april til 31.oktober.
Les meir om dette her. 
 

Grønn supermann.JPG - Klikk for stort bilete Torsdag 3. mai inviterer NRK til ryddedugnad med aksjonen «Hele Norge Rydder». Dette er ein aksjon for å få folk til å fjerne forsøpling og flygeavfall som ikkje ligg i fjøra. Les meir om aksjonen her.

Nomil bidreg med å ta imot avfall kostnadsfritt frå aksjonen på gjenbruksstasjonane våre, torsdag 3. mai. Stasjonane fylgjer vanlege opningstider, gjenbruksstasjonen i Smørhamn har ekstra opningsdag denne dagen. Dermed er alle stasjonane opne, med unntak av stasjonen i Hornindal. 

Avfallet må leverast i gjennomsiktige sekkar frå Nomil. Sekkane kan de hente på førehand på gjenbruksstasjonen. Avfallet i sekkane treng ikkje å vere sortert, alt vert levert som restavfall, men sekkane kan ikkje innehalde farleg avfall (batteri, sprayboksa, reingjeringsmiddel osv), solide ting av metall, store/lange tau og fiskereiskap. Dette må leverast for seg sjølv.

Hugs; det er ikkje meininga at aksjonen skal nyttast til å rydde ut av kjellarar og uthus. Det er forsøpling og flygeavfall som skal leverast!

Laurdag 5. mai er det duka for «Strandryddedagen». Denne aksjonen er i regi av Hold Norge Rent. Les meir om aksjonen og korleis du kan delta her. 

Dette er ein aksjon som fokuserar på ryddinga av strandsoner og områder knytt til vassdrag. Gjenbruksstasjonane til Nomil vil ikkje halde ope denne dagen, men vil i ettertid ta imot sekkar knytt til Kystlotteriet kostnadsfritt. Sekkar til dette er tilgjengeleg på kommunehuset, og merk at det kun er bruk av slike sekkar som gjev gratis levering av avfallet på stasjonane. 

Kystlotteriet gjeld forøvirg i heile perioden 1.april-31.oktober

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 03.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering