Helsedirektoratets anbefalinger om kosthald, ernæring og fysisk aktivitet, 2014.

aktive%20barn460.jpg - Klikk for stort bilete Helsedirektoratet har laga ein ny/revidert anbefaling om kosthald, ernæring og fysisk aktivitet. Viss du er interessert kan du laste ned anbefalinga på helsedirektoratets nettsider. For eit kort samandrag kan du lese denne artikkelen.

  - Klikk for stort bilete Det er mykje likt i den nye anbefalinga, men det er gjort nokon små endringar. No er det endra på talet minutt vaksne bør vere i fysisk aktivitet. Før verte det anbefalt å vere fysisk aktiv i minimum 30 minuttar  kvar dag. No anbefalast vaksne å vere fysisk aktiv minimum 20 minuttar kvar dag, eller minst 150 minuttar i løpet av ei veke. Intensiteten bør vere moderat eller meir. Det vil seie at pulsen må aukast litt for at det skal gi ein effekt på helsa.

Vaksne og eldre anbefalast også å gjere øvingar som bidreg til auka muskelstyrke, gjerne to til tre gonger i veka. Eldre verte anbefalt å vektlegge balanseøvingar og styrketrening tre til fleire dagar i uka. Dette gir ei god trening for heile kroppen og er førebyggjande i forhold til fallulykker.

For barn og ungdom er det fortsatt 60 minutt som er anbefalt. Aktiviteten hos barn og unge bør ha moderat eller høg intensitet, og minst tre av øktene i veka bør vere av høg intensitet. I disse tider kor vi let teknologien ta mykje av vår tid, er det viktig at vaksne vert bevisste på korleis dei påverkar borna sine. Foreldre og andre vaksne vert sett på som rollemodellar, og derfor er det særs viktig å bidra til gode vanar og holdningar til fysisk aktivitet og kosthald. Dei vanane born og unge legg i tidlig alder tek dei med seg i vaksen alder!

Ei påminning til vaksne:
hugs at naturen er eit fantastisk leikeområde for born og unges motoriske utvikling. Bruk den!

 

For å laste ned anbefalingene frå Helsedirektoratet kan du trykke deg inn på linken: Helsedirektoratets anbefalinger om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet

Publisert av Linn Mari Lyngvær. Sist endra 12.03.2014
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering