Høyring - digitalisering av kart over hjortevald

hjort i skog.jpg - Klikk for stort bilete Viltforvaltninga har eit løyve til å digitalisere karta over hjortevalda i kommunen. SIdan det har vore stogg i dette arbeidet ei tid, legg vi karta med forslag til nye valdgrenser ut på ny høyring.
Frist for innspel 15. oktober 2018. Merk med 18/506 digitalisering hjortevald.

I sak 034/14 for driftsutvalet vart det gjeve løyve til å nytte inntil 30 000 kroner av det kommunale Viltfondet i arbeidet med å digitalisere karta over hjortevalda i kommunen, der målet er å gjere desse lett tilgjengeleg. Dei gamle papirkarta over hjortevalda er utdatere og vi ser at nye, digitaliserte kart med oppdaterte grenselinjer er avgjerande for god kvalitet på den kommunale viltforvaltninga. Viltforvaltar har leigd inn firmaet Utmarksressur AS til digitalisering av karta over dei 44 hjortavalda som vi har i kommunen.

Det har gått ei tid sidan vi arbeidde med karta og ein del har endra seg. Vi sender difor framlegget ut på ny høyring. Bed om at de som grunneigarar, valdleiarar og andre interessentar kjem med tilbakemelding/innspel på vedlagt saksframlegg og grenselinjer innan 15. oktober.

Saksframlegget i driftsutvalet 034/14 (PDF, 361 kB)

Kart over Pollane (PDF, 279 kB)

Kart over Ytre Stadlandet (PDF, 278 kB)

Kart over Stadlandet (PDF, 269 kB)

Om de ønskjer, kan de bestille tid med kommunen for å få hjelp til å teikne inn endringsforslag.
Ta kontakt med gry.takset@selje.kommune.no
 

Innspel sendast til post@selje.kommune.no eller per post.
Merk innspel med referanse: 18/506 digitalisering - hjortevald

Tidlegare publisert artikkel om digitalisering av hjortevalda

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 06.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering