Høyring – gebyrforskrifter for Stad kommune

Fellsnemnda for Stad kommune sender med dette ut på høyring framlegg om gebyrforskrifter for Stad kommune. Høyringa gjeld desse forskriftene:

  • Forskrift om feie- og tilsynsgebyr
  • Forskrift om vass- og avløpsgebyr (VA-forskrift)
  • Forskrift om gebyr for reguleringsplan, byggje- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering (RBO-forskrift)
  • Forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll/tilsyn av mindre avløpsanlegg

Her kan du lese framlegg til gebyrforskrifter for Stad kommune og høyringsbrev

Sak om gebyrforskrifter skal handsamast i kommunestyremøte for Stad kommune 24.10.2019. Gebyrsatsane vert lagt fram for vedtak i kommunestyremøte 12.12.20.19.

Høyringssvar kan du sende inn på elektronisk skjema, eller sende på e-post til post@eid.kommune.no. E-post må merkast med saksnr. 071/19.

Frist for å sende høyringssvar er 12.10.2019

 

Sist endra 11.09.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering