Høyring - utbygging av breiband i Selje kommune 2018/2019

Selje kommune vil søkje om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. I samband med søknaden vil vi invitere verksemder og innbyggjarar til å kome med innspel i forhold til utbyggingsplanane i kommunen.

Høyringsfrist 07.05.2018.

Data - Klikk for stort bilete

Selje  kommune vurderer å levere søknad som dekker områda:

  • Frå  Flatraket -  t.o.m Flister, inkl. Venøy og Barmen.
  • Kjøde – Fløde
  • Frå Selje (Selje kyrkje) til Skårbø
  • Drage – Hoddevik
  • Eltvik ( eventuelle mobile løysingar)
  • Fure  ( eventuelle mobile løysingar)

 

Vi gjer merksam på at punkta ovanfor ikkje er prioritert rekkefølgje.

Eit av krava til søknaden er at planen for utbygging skal vere lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Verksemder og innbyggjarar som ynskjer å uttala seg til høyringa må gjere dette innan 07.05.2018.

Kommunen arbeider for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til deler av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastighets breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort. For å betre situasjonen vil Selje kommune søkje om finansiering til å byggje ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod.

I denne søknadsrunden vil Selje  kommune prioritere dei som har lågast breidbandsdekning i kommunen basert på dekningskart frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM).

Regjeringa har gitt "Nasjonal kommunikasjonsmyndighet" (NKOM) i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkja NKOM om støtte.

I samband med søknaden vil vi invitere verksemder og innbyggjarar til å kome med innspel i forhold til utbyggingsplanane til kommunen.

Selje  kommune gjer merksam på at vi må ta atterhald om utbyggjing no,  dersom kommunen ikkje skulle få tildelt midlar.  Kostnadene til kommunen og innbyggjarane vert då  truleg vert for høge.

Fristen for høyringa er 7. mai 2018. Innspel kan sendast på e-post til post@selje.kommune.no og merkast " Sak18/251-1 ..Høyringsuttale breibandutbygging".

For eventuelle spørsmål kan ein ta kontakt med reidar.sandviknes@selje.kommune.no

 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering