Høyring utbygging av breiband i Selje kommune

Flatraket - Klikk for stort bileteFlatraket Ottar Nygård Selje kommune vil søkje om tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Eitt av krava i søknaden er at planen (PDF, 104 kB) for utbygging skal vere til høyring i ein månad.

I samband med søknaden vil vi invitere bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel i forhold til utbyggingsplanen for kommunen innan 21.mai 2014.

Innspel kan sendast post@selje.kommune.no og merkast høyringsuttale breibandsutbygging.

Regjeringa har gitt Post- og teletilsynet i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søke Post- og teletilsynet om støtte.

Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunene er stort. For å betre situasjonen i kommuna vil Selje kommune søkje om finansiering til å bygge ut høghastigheit breiband til innbyggarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar tilfredstillande tilbod.

Selje kommune har etter kvart dekning på dei fleste områder, men kapasiteten varierer noko.

Før søknaden blir sendt skal områda settast opp i en prioritert rekkjefølgje. Vår oversikt viser at fylgjande områder har dårleg dekning og bør prioriterast i vidare utbyggjing:

1. Borgundvåg/ industriområdet

2. Otneim/ Fløde

3. Eide/ indre Moldefjorden

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering