Høyringsmøte om regional transportplan

Regional transportplan - Klikk for stort bilete Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til høyringsmøte om Regional transportplan 13. september i Førde. Fristen for å kome med høyringsinnspel er 30. september.

 

Utkastet til Regional transportplan 2018–2027 vart lagt ut på høyring før sommaren. Saman med utkastet til transportplan er også ein rapport om framtidig trasé for Kystvegen lagt ut til offentleg ettersyn. Her ber fylkesutvalet spesielt om innspel på strekninga Dalsfjorden og nordover til grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. 

Publisert av Bente Kvernevik Berstad. Sist endra 24.08.2017

I samband med utarbeidinga av Regional transportplan er det også utarbeidd eit framlegg til ein gå- og sykkelstrategi for Sogn og Fjordane. Strategien er lagt ut til offentleg ettersyn som del av høyringa av Regional transportplan.

Høyringsmøtet 13. september vert på Scandic Hotell & Spa og startar kl. 10.00.

Sjå programmet for møtet og meld deg på her.

Påmeldingsfristen er 8. september.

Meir om høyringa og alle høyringsdokumenta finn du her.

For meir informasjon

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering