Influensavaksinedag - Selje legekontor

    - Klikk for stort bilete Tysdag 23. oktober er det vaksinasjonsdag for influensavaksine på Selje legekontor mellom kl 09.00 - 15.00. Du treng ikkje timebestillng for å ta vaksine denne dagen, kun dropp-in.

For meir informasjon om vaksinen og risikogrupper finn du her

Diverse informasjon:

Sjukepleiarar kan gje influensavaksine til dei som ønskjer det i heimetenestene og til bebuarane på sjukeheimen.

Pris på vaksine er 150 kroner. 
Etter vaksinasjon, må du påberekne 20 min ventetid i tilfelle det skulle oppstå biverknadar.

Informasjon om influensavaksine til gravide

Informasjon om influensavaksine til helsepersonell

På folkehelseinstituttet si heimeside, finn du òg informasjon om influensevaksine på forskjellige språk.

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

  1. Alle som har fylt 65 år
  2. Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  3. Barn og vaksne med:
    diabetes mellitus, type 1 og 2
    kronisk luftvegssjukdom
    kronisk hjarte- og karsjukdom
    kronisk leversvikt
    kronisk nyresvikt
    kronisk nevrologisk sjukdom eller-skade
    nedsatt immunforsvar
    svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    annen alvorleg eller kronisk sjukdom
  4. Gravide frå 12. veke i svangerskapet
     
Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 22.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering