Informasjon frå SFE - arbeid med ny 22 Kv linje

strømmast.jpg - Klikk for stort bilete I denne artikkelen får du ei oversikt over arbeidet som SFE skal utføre på ny 22 Kv linje mellom Skorge - Sande og Stave - Borgundvåg. Arbeidet hadde oppstart hausten 2018 og skal halde fram til 2020. 

Seksjon 1, Stave – Borgundvåg, røysing av master, gravemaskin, boreutstyr (kompressorar), sprengingsarbeid, traktorar med vinsj og helikopter. Montering i mast og linjestrekking med vinsjar og helikopter til transportoppdrag. Etter at linja er ferdigbygd og spenningssett, vert gamlelinja riven. Til dette vert det brukt gravemaskin, traktor, vinsjar og helikopter. Planen slik som det ser ut i dag, er at arbeidet med denne seksjonen vil føregå mellom oktober 2018 og februar/mars 2019. Riving av den gamle linja er planlagt etter at ny linje er ferdigbygd.

Seksjon 2, Skorge – Sande, skoghogging har starta, menn med motorsag, anleggstraktorar med vinsj, gravemaskin, skogsmaskin og lastbærarar (transport av stokkar). I tillegg føregår det kontinuerleg stikking av traseen.Røysing av master, gravemaskiner, traktorar, boreutstyr(kompressorar), sprengingsarbeid og helikopter. Montering i mast og linjestrekking med vinsjar og helikopter til transportoppdrag. Etter at linja er ferdigbygd og spenningssett, vert den gamla linja riven. Til dette blir det brukt gravemaskin, traktor, vinsjar og helikopter. Planen no er at arbeidet med denne seksjonen vil foregå mellom November 2018 og April 2020. Riving av gammal linje er planlagt etter at ny linje er ferdigbygd.

Mellom Sande og Stave skal det leggast ny høgspentkabel, til dette arbeidet vert det brukt gravemaskin, dumpers, traktor med boreutstyr og lastebilar.Dette arbeidet er påbegynt og skal etter planane vere ferdig i juni 2019. Riving av gammal linje er planlagt etter at ny linje er ferdigbygd.

På hausten startar arbeidet med å legge høgspentkabel på Årsheim. Etter planane skal dette arbeidet pågå i ca. 3 mnd. Her blir brukt gravemaskin, dumpers, traktor med boreutstyr og lastebilar. Riving av gammal linje er planlagt etter at ny linje er ferdigbygd.

I tillegg vil det føregå arbeid med ombyggingar av eksisterande transformatorar/lågspentlinjer på same strekninga.

Sist endra 11.12.2018
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering