Informasjon om adresseprosjektet

I k-sak 58/19 -20. juni 2019, gjorde kommunestyret  vedtak om namn på vegane i Selje kommune. Det er viktig å informere om at det står att ein god del arbeid før innbyggjarane kan ta i bruk adressene, t.d ved nettkjøp, men det vert full fokus på dette utover hausten.

 

Arbeidsgangen vidare:

Alle vegnamn er sent til Språkrådet og Kartverket for uttale og godkjenning. I denne prosessen kan det vere at Kartverket ikkje godkjenner enkelte namn og reiser namnesak som kommunestyret må handsame på nytt.

Avdeling for Plan og Utvikling,i Stad kommune vil etter ferien gå gjennom matrikkelen (GN/BN) og fastsetje husnummer som skal førast i matrikkelen. Dette er eit omfattande arbeid, men målet er å ha ferdig dette før nyttår. 

Det har vore spørsmål om oddetal/partal i nummereringa av husa. I Selje kommune har vi valt å bruke oddetal på venste side av vegen og partal på høgre side av vegen, rekna frå starten av vegen. Starten av vegen er frå ein større veg/sentrum. Dette er samme system som er brukt i Eid kommune.

Ved spreidd busetnad nyttar ein avstandsnummerering, der det vert sett av eitt husnummer pr 10 m veg. Til dømes får eit hus som har avkøyring på høgre side 2520 m frå startpunktet husnummer 252.  ligg huset på venstre side får det nr. 253. Det vert laga ei informasjonsbrosjyre om husnummer etc. til utdeling /heimesida i løpe av hausten.

Kvar husstand vil få brev/informasjon (november/desember), om tildelt vegadresse/ husnummer, anskaffing av husnummerskilt, etc.

 

Tidsplan:

August- November: Arbeid med matrikkel og husnummer. Tilbakemeldig og avklaring på på eventuell vegnamn som er til handsaminmg i Språkrådet og Kartverket.

Desember:                           Budsjettsak om skilting. Brev til alle hustandar om husnr. , m.m.

Januar– Juni:                       Tinging og oppsetting av adresseskilt og husnummerskilt.

 

Sist endra 06.08.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering