Informasjon om faktura for barnehage/sfo

Clipart barnehage.jpg - Klikk for stort bilete Det blir i juli månad sendt ut faktura for barnehageplass og sfo som gjeld for august 2018. Vi skal inn i ny kommune saman med Eid om ikkje lenge og difor vert fakturarytemen no endra og tilpassa den nye kommunen. Selje kommune har tidlegare fakturert ein månad på etterskot.

Barnehage- og SFO-betaling er delt opp i 11 like beløp, der ein altså betalar for 11 månadar i året. Grunnen til at det er sendt ut ny faktura no, er fordi det er foretatt ei endring i fakturarytmen.

Faktura mottatt i juni månad med frist 20. juli gjaldt for juni og faktura som er sendt ut i juli med frist 20. august, gjeld for august.

Etterfakturering har tidlegare skapt forvirring og det er òg litt av grunnen til at faktureringa frå no av er endra til at ein betalar i same månad som bruk av barnehageplass/sfo.

Det skal stå ei linje i fakturateksten som angir kva fakturamånad dette gjeld.

Ta gjerne kontakt om du har ytterlegare sprørsmål
post@selje.kommune.no / 578 58 500

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 31.07.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering