Invitasjon til konferanse i Førde 28.11 og Bergen 3.12

Leve heile livet.jpg - Klikk for stort bilete I 2040 vil meir enn kvar tredje innbyggar i mange distriktskommunar kunne vere over 65 år, og på nasjonalt nivå blir talet på dei som er 80 år dobla fram mot 2040, ifølgje stortingsmeldinga Leve hele livet - En kvalitetsreform for eldre. Korleis skal vi planlegge samfunnet vårt ut frå dette?

Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for reforma inviterer til konferanse der vi ønsker å inspirere til korleis ein kan planlegge for eit aldersvenleg lokalsamfunn, og korleis vi kan skape samarbeid og samskaping mellom frivillig arbeid, næringsliv og kommunar.
Her finn du påmelding til konferanse i Førde 28. november

Her finn du påmelding til konferanse i Bergen 3. desember.

Påmeldingsfrist er 15. november, så du har framleis høve til å melde deg på.

Her finn du meir informasjon om konferansen.

Sjå program (PDF, 103 kB)og vel møtt til konferanse!

 

Sist endra 11.11.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering